Olav Reilstad ved bensinpumpene på Reilstad.

FINNØY:

- Eg trur det var ein stad mellom 20 og 30 innom og tanka onsdag. Det ryktast for at eg held ein god pris, seier Olav Reilstad til Øyposten.,

-Korleis klarer du å halda så låge prisar i forhold til alle andre?

-Eg har veldig gode avtalar, og set påslaget sjølv utan innblanding frå nokon, seier han.

På spørsmål om han tener noko på salget av bensin og diesel på kaien på Reilstad, svarar Olav Reilstad.

-Eg hadde ikkje drive på med dette viss eg ikkje tente pengtar, eg har trass alt investert eit par millionar kroner her, mellom anna i nye pumper og tankanlegg.

For ordens skuld må det leggjast til at prisen blei sett ned både på bensin og diesel, til dømes på Judaberg, og kostar nå vel 23 kroner for begge typar drivstoff. Men fortsatt ligg prisen betydeleg under på pumpene på Reilstad.