Kraftlinje vil kryssa KULA-landskap

Den planlagde kraftlinja frå Randaberg til Rennesøy kjem til å kryssa det kulturhistoriske landskapet av nasjonal interesse ved Mastrafjorden. Dette kjem til å bli eit kjerneargument til folk i Rennesøy for å kreva kraftforbindelsen lagt i sjøkabel og gravd ned på land. 

Rennesøy og Mastrafjorden er blant landskapa som er klassifisert til å vera av nasjonal interesse. Den nye kraftforbindelsen kjem til å kryssa rett gjennom landskapet.|Kartet viser traseen for kraftlinja.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

RENNESØY:

Onsdag kveld møtte NVE til folkemøte i Vikevåg om den nye kraftlinja frå Randaberg til Nordbø på Rennesøy.,

Ei engasjert forsamling kom med klar tilbakemelding: Legg kraftlinja i sjøkabel, og grav henne ned på land, opplyser leiar i Rennesøy kommunedelsutval, Terje Øvrebø til Øyposten.

-Me kjem til å gje ein uttale også frå kommunedelsutvalet om det same, seier Øvrebø.

 Den blå linja på kartet viser traseen for kraftlinja.

Han legg til at eit kjernepunkt i argumentasjonen er at det planlagde luftspennet kjem til å kryssa KULA-landskapet i Rennesøy. Både landskapet ved Mastrasfjorden er klassifisert som "kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse", men Lnett har foreslått luftspenn både over Mosterøy og Rennesøy til Nordbø.

På møtet kunne NVE opplysa at dersom kraftforbindelsen skulle leggjast i sjøen heile vegen frå Randaberg til Renbnesøy, ville dette kosta 50 millionar kroner ekstra. Dessutan ville det medføra oftare vedlikehald, pluss at ein sjø- og jordkabel har 50 års levetid mot 80 år for luftspenn, ifølge Terje Øvrebø.

Publisert: