Håkon Eide oevrrekkjer skrivet om hurtigbåtrutene på vegne av pendlarane til Arne Bergsvåg og Marianne Chesak, Dei to fylkespolitikarane skaltysdag vedta det endelege opplegget for hurtigbåtane.

Av Rune Nedrebø,

STAVANGER: -Me må i alle fall prøva å få dei til å lytta til argumenta våre, seier Eide til Øyposten.

Mellom dei som fekk stukke skrivet han hadde laga til i handa var både fylkesordførar Marianne Chesak (Ap), fylkesvaraordførar Arne Bersvåg (Sp) og leiaren i fylkessamferdselsstyret, Ole Ueland (H).

I skrivet blir det bedt om at ruteopplegget må kunna justerast innanfor dei budsjettramene som fylkestinbget vedtek.

Men, Høyres Ole Ueland, er ikkje særleg optimistisk.

-Det blir ein båt mindre, og det er nok mange som ynskjer å justera det opplegget som er lagt, seier han til Øyposten.

-Du gir ikkje så mykje håp?

-Eg meiner det er betre å væra ærleg og seia det som det er, svarar han.

I skrivet blir det mellom anna peika på at elevane frå øyane som går på Tau vil ha problemer med å rekka fram tidsnok, og at pendlarar heller ikkje vil nå jobben på Finnøy klokka 0800.

-Dette var me klar over då me behandla ruteopplegget i samferdselsutvalet og i fylkesutvalet. Eg har dessutan snakka med rektor på Strand vidaregåande. Han meiner like vel at det skal vera mulig å finna praktiske løysingar for elevane fråp øyane, seier Ueland.

Fylkestinget behandlar saka om opplegget for hurtigbåtane seinare tysdag.