Heva glaset for artigaste innslaget i kortesjen

Familien Imsland hadde rigga seg til med oppdekka bord med kandelaber i køretøykortesjen på Finnøy. Det gjorde susen, frokostinnslaget stakk av med vandrepokalen i årets kortesje, kor 60-70 bilar, traktorar, atv’ar og motorsyklar deltok.

Publisert: Publisert:
Vinnarinnslaget i årets bilkortesje på Finnøy. Familien Imslands frokostbord. Frå venstre Mats Imsland, Vetle Hatlem, Amalie Therese Imsland, Cathrine Imsland og Rebekka Helene Imsland. Bak, med rosa hårrull i håret, står Svein-Terje Imsland.|Mimir heldt 17.mai-talen på Finnøy.|-Flott tog og alle tiders musikk, syntes Odd og Anne Marie Skartveit.|Andreas Hetland hadde taket på stortromma.|Hallgeir og Hege Mossige Bore frå Stokka let seg imponera av toget på Finnøy.||7. klassingane fekk kjøra rundt øya i denne vogna, godt reingjort for anledningen.|Familien Woldmo kunne nyta vêret i åpen cabriolet. Framme sit Rita og Thomas, bak Mathias og Emma Andrea.|Lars Martin Hetland stilt med bil i ukrainske fargar.|Vegard Nærland med sin Volvo Buster 1965-modell.|Lukas Evander Olsen og Noa Ulstein Sevheim i ivrig putekrig.|Folketoget på Finnøy.|Toget stansa ved sjukeheimen på Judaberg.

FINNØY:

Familien Imslands sitt innslag var mellom dei mest spenstige i årets kjøretøykortesje på Finnøy. Med store bokstavar, godt, synleg på sida av biltilhengaren, stod det: Sorry - me forsov oss. Og borsett frå russen ombord, stilte alle i morgenkåpe eller pyjamas.,

-Det vil vera artig om me vinn premien for beste innslag, seier dei.

Vegard Nærland med sin Volvo Buster 1965-modell.

FOTO: Rune Nedrebø

Lars Martin Hetland stilte med bil i ukrainske fargar.
Familien Woldmo kunne nyta vêret i åpen cabriolet. Framme sit Rita og Thomas, bak Mathias og Emma Andrea.
7. klassingane fekk kjøra rundt øya i denne vogna, godt reingjort for anledningen.
Hallgeir og Hege Mossige Bore frå Stokka let seg imponera av toget på Finnøy.
Andreas Hetland hadde taket på stortromma.
-Flott tog og alle tiders musikk, syntes Odd og Anne Marie Skartveit.

Ikkje langt frå hadde Vegard Nærland stilt seg opp med ein ekte veteran, ein Volvo Buster 65-modell. Traktoren traktoren var ingen nykommar i toget, men har vore 6-7 gonger, opplyser Nærland.

-Eg måtte ut og lufta han på 17. mai, seier Nærland til Øyposten.

Lars Martin Hetland hadde dekorert bilen sin i fargane til det ukrainske flagget, som ei støttemarkering til Ukraina.

-Det bør passa godt dette. Me feirer vår frihet i dag, mens det er full krig ein annan stad i Europa, seier han.

Thomas og Rita Woldmo stilte i ein kul, åpen cabriolet.

-Me syntes det var litt rart med kjøretøykortesje då me flytta til Finnøy. Men nå synes med det er fantastisk kjekt, seier dei.

Kjøretøykortesjen går rundt heile Finnøy, og det tek cirka ein time å gjera distansen på vel to mil unna unna.

Folketoget på Finnøy.

Etter to år med pandemi var det igjen klart for folketog på øya. Det gjekk frå fleirbrukshallen til sjukeheimen og tilbake. På fotballbanen var det leiker for barna, og inne i hallen var det tale for dagen, mat og basar.

Hallgeir og Hege Mossige Bore frå Stokka hadde tatt turen til Judaberg frå hytta i Bjøravågen for å sjå på folketoget.

-Det var veldig koseleg og kjekk. Musikkkorposet imponerte verkeleg til å vera nesten nystarta og det var veldig bra trøkk i heiaropa. Mykje betre enn i byen, meiner dei.

Anne Marie og Odd Skartveit stod også på sidelinja og betrakta toget.

-Det var eit kjempefint tog, det er så kjekt at dei har fått musikkorps i toget igjen. Og så heldige me er med vêret, seier dei.

Toget stansa ved sjukeheimen på Judaberg.