Satelittnavigasjon har auka effektiviteten kraftig hos Gard Maskin. Denne maskinen er sjølve "biggassen" i firmaet, og veg heile 55 tonn.

FINNØY: Omtrent 20.180 km over Lauvsnes på Finnøy, ein stad uti verdsrommet, svevar ni  amerikanske og seks russiske satellittar.,

Dei sørger for at den 55 tonn tunge gravemaskinen til Gard Maskin er nøyaktig posisjonert i forhold til gravearbeidet han skal utføra for Lauvsnes Gartneri.

Gard Maskin har spesialisert seg på større masseforflytning, og akkurat denne maskinen, den største til firmaet, tek 3000 liter i eit jafs i gravemaskinskuffa.

Firmaet har seks større gravemaskinar, og alle har installert dataskjermar med program som ifølge eigar Tor Arne Gard har auka effektiviteten til maskinane med 20-30 prosent.

Utstyret kostar rundt 300.000 kroner per maskin, og Gard Maskin installerte det første utstyret for 10 år sidan.

Tidleg ute

-I dag er dette vanleg, men då me kjøpte det var me tidleg ute, seier Gard til Øyposten.

Via datamaskin kan Gard kommunisera direkte med dataskjerm og førar i gravemaskinen. Systemet er så nøyaktig, at eit fråvik på ein centimeter blir registrert.

-Dette sparer oss for mykje tid, seier Tor Arne Gard, eigar av Gard Maskin. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

X og Y koordinatorane gir nøyaktig posisjon for gravemaskinen, mens Z koordinatoren viser kva høgde over havet maskinen står på. Kombinert med 3D kart og 3D modellar, gjer dette det mulig å vita nøyaktig kor mykje masse som skal forflyttast i eit tomt, og kvar han skal forflyttast.

-Det sparer oss for masse tid. Feil massebalanse i ei tomt betyr at det kan mangla masse, eller at masse må tilførast. Det e både meir arbeid og meir ulemper for miljøet. Dessutan kan me knipa inn på anboda, og gjera det billegare for oppdragsgjevaren, seier Gard.

Bånn gass hos Gard

-Kjem gravemaskinane til å bli utan førarar i framtida?

-Det vil nok ta ei stund før det er aktuelt for oss, men det kjem.  Under saneringa av skytefeltet Hjerkinn på Austlandet brukte dei førarlause maskinar, av hensyn til mulige blindgjengarar. Så teknologien er der, seier Tor Arne Gard, som også kan opplysa at Gard Maskin har plenty å gjera for tida.

-Det er kjekt når det er bånn gass, smiler han.

-Me har vore samanhengande 2,5 år hos Flor og Fjære. Der har dei bygd nytt drivhus , restaurant, nye dammar og utvida parken. Det blir litt stopp i sommar av hensyn til gjester, men til hausten er oppstart igjen med nye utvidingar. Dessutan har me vore hos Lauvsnes Gartneri sidan august i fjor. Gartneriet skal gjerast CO2 nøytralt,og me har blant anna grove ned over 10.000 meter med røyr. Fase to av prosjektet startar til hausten.  I tillegg har me fått oppdrag om å planera 35 mål for planting av eple og moreller hos Sverre Vanvik på Finnøy. Det arbeidet startar truleg opp i juni, seier Tor Arne Gard.