Finnøy Idrettslag får 100.000 frå Equinor til innebandy

Finnøy Idrettslag har fått 100.000 kroner frå Equinor til innebandy-satsinga si.

Publisert:
Torunn Brennhovd, Steffen Steinsvik, Kaja Flatebø Rørtveit, Bjørn Angelskår Moen, Linnea Eggebø under overrekkinga av gavesjekken hos Equinor.

FINNØY: Pengane skal mellom anna gå til kjøp av vant til innebandy’en, og beløpet kjem frå Equinor si nye støtteordning til gode tiltak for barn og unge.

-Det er utruleg kjekt å kunna gi 100.000 kroner til ein så flott og inkluderande organisasjon som Finnøy Idrettslag som aktivt satsar på å engasjere barn og unge, og skapa eit lågtersketilbud på øya, seier Jez Averty, plassjef for Equinor i Stavanger.

-Finnøy Idrettslag ynskjer å byggja fleire tilbud til ungdom, og det heiar me på, legg Jez Averty til.

Finnøy Idrettslag fekk tildelinga i haust, men på grunn av pandemien måtte seremonien med overrekkinga av gavesjekken venta til nå.

Representantar frå idrettslaget på Finnøy var invitert til pølsefest hos Equinor onsdag, og for å motta sjekken på 100.000 kroner.

- Me er utruleg glade for å få denne tildelinga frå Equinor. For Finnøy Idrettslag kjem pengane veldig godt med akkurat nå. Dei skal først og fremst gå til innkjøp av vant, slik at innebandy’en kan spelast på skikkeleg bane med vegger. Det er viktig for oss å skapa aktivitet for unge i Finnøy, difor er me takknemlig for støtta og vantet som me nå har fått kjøpt inn, seier styreleiar Bendik Heggelund i Finnøy Idrettslag i ein kommentar.

Equinor har lang tradisjon med å støtta frivilligheten i Norge. Både gjennom talent-utviklingsprogrammet Morgendagens Helter på nasjonalt nivå og lokale tildelingar.

Fleire tusen søknader kom inn frå foreningar, idrettslag og andre som ynskjer å gjennomføra gode tiltak for barn, ungdom og studentar over heile landet. I region Sør-Vest blei det gitt støtte til 36 prosjekter i denne tildelinga.

Equinor åpnar for nye søknader frå lag og foreningar 1. september via nettportalen: https://equinor.com/stotte