Sigrids siste sommar i «Karlahuset»

For to år sidan skreiv Sigrid Bø Grønstøl bok om «Karlahuset» på Rennesøy. Nå planlegg ho å selja livsverket, og saman med mannen flytta til leilighet i Asker. -Det er ei tid for alt, seier ho.

Sigrid bø Grønstøl og mannen Hallstein Grønstøl skal ha sin siste sommar i «Karlahuset». -Det er ei tid for allt, seier ho.
  • Rune Nedrebø
Publisert: Publisert:

RENNESØY: -Nå er det blitt meir arbeid enn glede å halda dette i orden, me er ikkje unge lenger, seier Sigrid Bø Grønstøl til Øyposten om huset og hagen på Sørbø på Rennesøy.

Dessutan flyttar ho til barn og barnebarn, i ei lettstelt leilighet i Asker sentrum.

-Det er ein fin plass å bu, sentralt er det også, seier Bø Grønstøl, som, etter meir enn 30 år på «landet» på Rennesøy, vedgår at ho likar storbylivet også. Nå får ho og mannen Hallstein Oslo, med alle sine tilbud, i kort reiseavstand frå den nye heimen.

-Er det ikkje vemodig å flytta frå livsverket sitt?

-Jo, men me har hatt god tid til å førebu oss på dette. Dessutan pleier eg ikkje gro fast nokon stad. Når eg flyttar, så flyttar eg til noko nytt og gledar meg over det, seier Sigrid Bø Grønstøl, som er van med å flytta.

«Karlahuset» på Sørbø på Rennesøy.

Ville ut

-Då eg vaks opp her på Sørbø var eg fast bestemt på at eg ikkje skulle slå meg til her og gifta meg med ein rennesøybonde. Ikkje at det er noko gale med rennesøybønder, men eg ville ut. Så traff eg akademikaren Hallstein. Den gong var det slik at fruene til akademikarar måtte finna seg i å flytta rundt med mannen, og me flytta seks gonger. Me har budd på Nesodden, i Etne, i Bristol i England, på Vigrestad, i Sandnes og til slutt på Rennesøy, seier ho.

Mannen Hallstein Grønstøl er frå Husnes i Sunhordland, og er tidlegare professor ved Norges Veterinærhøgskule. Sigrid Bø Grønsøl er litterturforskar og forfattar, som mellom anna har skrive ikkje mindre enn fire bøker om heimbygda Sørbø.

Rosene på solsida av huset står i full blomst.

Ekteparet har også hatt sitt eige vesle forslag, Sturnus, som også blir pakka ned og avvikla nå.

Sigrid Bø Grønstøl er stolt over at ho klarte å berga «Karlahuset» frå gravemaskinen. Det gamle huset, ein del av det er 200 år gammalt, var bare ei rønne då ho og mannen Hallstein overtok det.

Sidan har dei brukt tallause timar på å fiksa det opp å setja det i stand. I dag framstår det i topp stand, med fire stover, stort kjøkken og to piper. Den vakre hagen har fleire avdelingar, med både sol og skugge, le og ly kor det er eit utal av stauder. Nærare bestemt 88 i talet.

Sigrid Bø Grønstøl i arbeidsrommet sitt. Ho har skrive ikkje mindre enn fire bøker om heimstaden sin.

Mange gode minner

Langs husveggen på «solsida» blømer rosene i mange fargenyansar.

-Me tek med oss veldig mange gode minner herifrå. Og heldigvis har me begge hatt interesse for hage, elles ville det vore strevsamt, seier Bø Grønstøl.

– Her har barn og barnebarn sprunge rundt. Om sommaren kunne me reisa utpå sjøen å fiska sei, og etterpå fara heim og laga fiskemat. Det er alltid fisk å få her, seier ho.

«Karlahuset» er eit stort hus, som har ikkje mindre enn fire stover. Sigrid Bø Grønstøl er stolt over at ho klarte å redda huset frå gravemaskinen på 70-talet.

Ho takkar Rennfast for at ho fekk bu på Rennesøy.

-Eg var bil nummer to gjennom bomstasjonen på Sokn då Rennfast åpna. Og då såg eg Eirik Fossåskaret tok siste ferja til byen. Eg og han var ikkje enige om Rennfast, han var mot og eg var sterkt for. Utan Rennfast kunne me ikkje busett oss ned her, slår Sigrid Bø Grønstøl fast.

I august skal det kvitmåla huset med eit buareal på heile 240 kvadrat leggjast ut for sal.

-Eg håpar dei som flyttar inn her set pris på både huset og hagen. Dessutan må dei lika å bu i det vakre jordbrukslandskapet her og tola litt hevdalukt, seier Sigrid Bø Grønstøl.

  1. Rennesøy