|

Heile fire frådelingssaker knyta til bustadeigedomar, og ei større sak vedrørande frådeling av næringsverksemda, Hesby Auto, på Steinnesvåg på vestsida av Finnøy, er alle kontroversielle dispensasjonssaker som politikarane i Forvaltningsstyret må ta stilling til når dei set seg rundt bordet i Formannskapssalen 28. august.,

Tommel ned  - og opp

Alle sakene ligg inne i det såkalla kjerneområdet for landbruk, slik det er definert i gjeldande kommuneplan. På sakskartet står også ei liknande sak om frådeling av ein bustadeigedom på Norheim på Kyrkjøy i Sjernarøy . Her er det tidlegare veterinær Konrad Norheim og ektefelle Ann, som søkjer om frådeling av bustadeigedomen sin i eit tun som per i dag også inneheld to andre bustadhus. Der det er generasjonsskifte og planar om store investeringar i ny driftsbygning på eit større mjølkebruk.

Når det gjeld dei mange frådelingssakene på Steinnesvåg, har alt Fylkesmannen gitt grønt lys til frådeling av to bustadeigedomar i samband med sal av tilleggsjord på Søre Vignes som ein del av ei bruksrasjonalisering. I ei sak på Øvre Landa vedrørande frådeling av ein tredje bustadeigedom, også det i samband med generasjonsskifte er administrasjonen og politikarane i Finnøy positivt innstilt, Fylkesmannen, derimot, har etter høyring vendt tommelen ned. I to andre saker om frådeling på Vestbø, er administrasjonen i Finnøy negativt innstilt til ei frådeling.

Hesby Auto

Det same gjeld frådeling av eit areal på 5 dekar knyta til dei bygningane som i dag utgjer verksemda, Hesby Auto. Her søkjer ein også om å inkludera eit bustadhus, som i dag er hus nummer to på den store landbrukseigedomen, i denne frådelingssaka. Også her vender administrasjonen i Finnøy kommune tommelen ned til ei frådeling i samband med generasjonsskifte.

Som Øyposten tidlegare har omtala så er verksemda Hesby Auto 20 år gamal, og tel i dag 7 arbeidsplassar. Den er plassert midt i eit gardstun som også inneheld ein stor driftsbygning. Eit gardstun som det også går ein privat tilkomstveg gjennom. Då saka sist var oppe til handsaming i Forvaltningsstyret vart ho utsett fordi politikarane ville på synfaring først. Det får dei no på onsdag i forkant av møte

- Eg ynskjer på ingen måte å forespeila kva utfallet blir i denne saka, og vil heller ikkje på det noverande tidspunkt sei noko om kva eg sjølv meiner, seier Olav Halsne (KrF) som er leiar av Forvaltningsstyret.

Meir liberal

Også partikollega og ordførar Henrik Halleland , innrømmer gjerne at det kan vera vanskeleg å berre avslå desse sakene med eit hovudargument om at dei ligg innanfor kjerneområdet for landbruk, natur og friluftsliv, eit såkalla LNF-område i kommuneplanen.

-Det er viktig å gå inn i den enkelte saka og vera pragmatisk, men sjølvsagt då med landbruks- og jordverninteressene som utgangspunkt og det overordna. I mange tilfelle er det då dei som blir avgjerande, og eg meiner også at i Finnøy har me svært få saker der me gir grønt lys til frådeling. Så er det no også slik at det skjer ei rivande utvikling i landbruket, med både utleige av jord og ikkje minst bruskrasjonalisering. I det siste tilfellet spelar både kommune og Fylkesmann på lag, men så ser me ofte i andre saker at me som lokalpolitikarar har eit anna og ofte meir liberalt syn på dette. Både for å sikra busetnaden, men også for å tryggja arbeidsplassane. Og kanskje er det ein grunn til at me i Finnøy har svært låg arbeidsløyse, og der heile 70% av arbeidsstokken har jobb i eigen kommune. Me skal ikkje lenger enn til nabokommunen før situasjonen er det den heilt motsette. Det påpeika me også i vårt møte med Fylkesmannen i eit møte vedrørande den nye kommuneplanen no på måndag.

-Men, ja, det er vanskeleg å ha ein såkalla «likebehandling» og føra til torgs den same argumentasjonen i slike saker , fordi dei eigentleg er ulike. Det er der eg ser at me politikarar som kjenner sakene best, gjerne burde ha fått større gjennomslag. Då kunne det kanskje vore aktuelt å sendt ei enkeltsak til departementet, for å få testa ut kva dei eigentleg meiner med å styrka lokaldemokratiet, avsluttar ordføraren.

Jon Asgaut Flesjå