- Eg er stolt av han Olav, sa Ranveig Reilstad då sonen Olav fekk henne fram til stor applaus og gav velfortent ampel.|cof

Fredag samla Olav Reilstad opp mot 400 menneske til ein minnerik Reilstadkveld på Finnøy. Den gamle fjordabåtkaien var omgjort til ein minifestival, som for mange vekte fram både latter og litt klump i halsen. For den godt vaksne garde blei nok dette ein kveld prega av nostalgi, der mimring, musikk, song og underhaldning stod på programmet. Men, for dei som ikkje har eit forhold til fjordabåtar, to butikkar og posten hos Ingebrethsen, blei også kvelden eit høgdepunkt.,

- Tenk dokke, her stod me og såg båten kom i 1959, for 60 år sidan, sa Bjarte Hodnefjell då han stod på lastebilscena på kaien, og heldt fram:

- Torolf Ingebrethsen kom med raske skritt på kaien her, tok tampen og la han på ein pullert.

- Dette var jo akkurat så då me såg på alle som skulle ta båten, kommenterte Ingun Pallesen Wetrhus, mange års hytteeigar på Reilstad.

- Og der borte var det nokre buskar som me tissa i mens me venta.

For Einar Reilstad var dette ein heilt spesiell kveld. Einar er son av gamle Olav Reilstad og onkel til Olav Reilstad som driv verksemda på Reilstad i dag. Han sat og nikka til det som blei sagt og sunge frå scena, og mimra i takt med tonane. Ja, ein flott opptakt til sin eigen 90-årsdag, som er i desse dagar.

- Dette var ein fin kveld, utan tvil, smilte Einar Reilstad.

Og omtrent like gammal som Einar, var eit av dei musikalske innslaga. Trur du ikkje arrangøren grov fram ein gammal Reilstadsong frå 1930-talet, som vart sungen som allsong. For det var musikken som stod i høgsetet denne kvelden. Både unge og gamle, som alle har vakse opp på eller har eit forhold til Reilstad, bidrog med musikalske innslag. Og 80 prosent av familien Reilstad, ved Tone Lise, Ingveig, Odd Martin og Erik, stod for fleire av innslaga. Siste 20 prosent av familien fekk også prøvd seg, då Olav song sin eigen vri av eit musikalsk verk, medan Tone Lise gøymte seg blant publikum. Men applausen runga like mykje for det som var musikalsk vakkert og det som berre var sjarmerande.

Lars Skeiseid