«Dette bestemmer kor mykje av midla frå Havbruksfondet kvar av vertskommunane får utbetalt for den gjeldande lokaliteten. Det er lokaliteten si tilhøyrigheit i akvakulturregisteret som ligg til grunn for fordeling av midla. I registeret er lokaliseringskommunen den kommunen der lokaliteten sitt koordinatfesta midtpunkt ligg. Dermed «tilhøyrer» ein lokalitet som kryssar kommunegrenser i dag i sin heilskap den kommunen der lokaliteten sitt koordinatfesta midtpunkt ligg», skriv finnøyrådmann Karin Dokken Austvik i høyringsuttalen på vegne av Finnøy, Rennesøy og Stavanger.,

No føreslår departementet å erstatte dette prinsippet for framtidige utbetalingar: Beløpet som ein lokalitet gir opphav til skal delast mellom kommunane, proporsjonalt med delen av det kartfesta arealbeslaget i vatnoverflata i kvar av kommunane. Nye Stavanger kommune støttar denne nye modellen og meiner den er i tråd med intensjonane bak Havbruksfondet.

Finnøy var ein av dei kommunane som fekk mest penger frå Havbruksfondet i 2018, med 45, 8 millionar kroner. Rennesøy sin del var på 7,2 millionar. I følgje ein gjennomgang av Fiskeridirektoratet frå april 2019 kryssar 10 lokalitetar for oppdrett av laks, aure og regnbogeaure kommunegrenser. Av desse ligg to i Finnøy og Hjelmeland kommunar. Kjehola ligg nordaust på Ombo og Langavika sør for Ombo.

Kjeahola: Utbetaling i 2018: 5 millionar.

Langavika: Utbetaling i 2018: 2,2 millionar.

«Med ein ny modell ville Finnøy fått 86 % av midla til Kjeahola og 43 % av midla til Langavika. Hadde prinsippet blitt brukt ved siste tildeling hadde kommunen fått drygt 240.000 kroner meir i 2018. For alle andre eksisterande lokalitetar i Finnøy og Rennesøy er endringsforslaget  ikkje relevant», skriv rådmannen.