Leif Kåre Larsen i Rock Taxi har hatt oppdraget med å frakta ungdommane trygt heim til Finnøy.

FINNØY: Ordninga gjeld for uungdom frå 16-24 år frå Finnøæy iu helgene, som kan bestilla drosje heim om natta for 50 kroner. Også eldre kan få bli med viss det er plass.,

Ordninga blei innført i haust, og nå har kommunen evaluert ordninga. Konklusjonen er at ordningfa har vore så vellukka at ho bør halda fram. Difor vil det bli sendt søknad til Kolumbus omn 250.000 kroner i fortsatt støtte til tiltaket.

Kolubus ga 100.000 kroner i støætte til tiltaket i fjor, men med 250.000 kroner kan det blir sett inn ein buss med plass til 16 personar. Maxitaxi'ane som trafikkerer ruta i dag har plass til åtte, og det har vore eit problem at folk ert blitt avviste fordi det ikkje har vore plass. Ordninga skal gjelda frå når landet blir gjenåpna igjen, og ut året, eller tilk det eventuelt blir stengt ned igjen, heiter det.

Til samen 75 ungdommar i aldersgruppa 16-24 år og 3 vaksne benytta seg av tilbudet frå 20. august til 19. desember, mens det i perioden kor landet var gjenåpna, frå 25. september til 9. desember, var 62 ungdommar og 3 vaksne passasjarer fordelt på 20 turar.

Kostnaden med ordninga var på  vel 80.000 kroner.