Fogn er både ei vakker og innovativ øy i fin utvikling. Men få eller ingen vil bu i bustadfelt. Arkivfoto

FOGN:

Det var i si tid Finnøy kommune som gjekk inn avtale med dåverande Ladstein Bygg AS på Finnøy om at kommunen skulle forplikta seg til å kjøpa tre tomter i feltet når utbyggjar hadde følgt opp rekkefølgjekravet om opparbeiding av gang- og sykkelsti. Kommunen skulle då i føgje avtale kjøpe tre stk. tomter til ein kostnad av 4,5 millionar, event. justert til 4,o8 millionar kroner etter ny avtale.,Saka kjem opp til behandling i formannskapet i dag.,Det er tredje gong at utbyggjar søkjer om ei slik utsetjing, etter at både Finnøy kommune og nå sist Stavanger kommune, den 3. desember i fjor forlenga fristen fram til 31.03.2021. Det er denne fristen som nå igjen er gått ut, og utbyggjar søkjer dermed å få forlenga denne ytterlegare og heilt fram til den 22.august neste år.,Men nå set kommunedirektøren bokstaveleg tala foten ned, og innstiller på å ikkje imøtekoma søknaden. Dermed brenn det truleg også eit blått lys for heile opparbeidinga og utbygginga av det nye bustadfeltet på Fogn.,

                          -Bør bli enklare å få skilt frå tomter i LNF områda

Då Finnøy kommune i si tid utforma sin eigen arealdel i kommuneplanen, fekk dei ein viss aksept også hjå Fylkesmannen, (nå Statsforvaltaren), til å ha ein meir liberal politikk i forhold til å få skilt ut tomter på eigna stader i dei såkalla LNF- områda på dei ikkje landfaste øyane i kommunen. Då med eit overordna mål om å sikra busetnaden her.

,- Det er leit at ein ikkje lukkast med samarbeid kommune/privat entreprenør om ei finansiering av byggefeltet på Holmastø, seier Ap- politikar og medlem av kommunedelsutvalget i Finnøy, fognbuen Jon Olav Runestad.- Som ein konsekvens av dette så må kommunepolitikarane ta ei ny vurdering av nødvendigheita av alle kostnadskrevjande rekkefølgjekrav eit bustadfelt skal ha. Det er krav om alt frå leikeplass til gang og sykkelstiar. Det fører til at dagens krav gjer at det ikkje blir kostnadsgevinst ved å laga eit felt med mange tomter, kontra enklare frådelingar av bustadtomter.,Konklusjonen må då bli at det må bli enklare å få skilt ut tomter på eigna stader i LNF områda. Dette er også ynskje frå kommunedelsutvalget, påpeikar Runestad.,-

Var ein del av intensjonsavtalen

Gruppeleiar i Kr.F og tidlegare ordførar i Finnøy, Henrik Halleland, meiner at praksisen med ei enklare frådeling i LNF områda var ein politikk som skulle vidareførast i den nye kommunen, og som også var ein del av intensjonsavtalen då kommunen slo seg saman . Han deler difor Runestad sitt syn på dette, og vil be om at ein slik politikk også blir gjort gjeldane i den nye kommunen. - Eg ser at det er, og har vore liten tradisjon med å praktisera eit slikt samarbeid mellom private entreprenør og kommune her i Stavanger. Men så er også situasjonen og føresetnadane heilt ulike mellom byen, og dei meir perifere områda i øyane i gamle Finnøy kommune, påpeikar Halleland.

,Både Halleland og Runestad erkjenner difor at det kan vera vanskeleg å få politisk fleirtal for ei vidare forlenging av fristen for å oppfylgja rekkefølgjekravet vedrørande bustadfeltet på Holmastø, og dermed også kommunen sin plikt til å kjøpa dei tre tomtene i feltet.