Sanitetskvinnen på Mosterøy på sin etappe i Kløverstafetten. Framme f.v: Marie Dysjaland og Bente Haugvaldstad. Bak f.v: Bodil Finnesand,nn, Annlaug Jørmeland og Kjellfrid Haugvaldstad. Foto: Åse Marit Hodnefjell.

MOSTERØY:

Kløverstafetten er eit av arrangementa i jubileumsåret der lokallag over heile landet skal frakta ein stafettpinne ifrå sør til nord. Målet med stafetten er blant anna å setta fokus på sanitetskvinnene sitt arbeid.,

På fredag var stafettpinnen på Rennesøy i tre timer mellom klokka 1100 og 1400, og 23 kvinner frakta den ifrå parkeringsplassen på Sokn til Kiwibutikken. Varaordørar Dagny Sunnanå Hausken opna stafetten med å rosa dei gode samfunnsaktørane som sanitetskvinnene er, og ønska dei lukke til vidare med det viktige arbeidet.

Vel framme med Kiwi serverte dei kaffi og kake og delte ut informasjon om organisasjonen. Etterpå frakta to av kvinnene stafettpinnen vidare over fjorden, og overleverte den til Bokn Sanitetsforening som fortsette ferda på sin etappe. Stafetten starta i Halden 1.mars og skal jobba seg gjennom landet til den endar opp i Tromsø  24. – 26. september som også er landsmøtehelga.

Gjennom frivillig arbeid og eit sterkt engasjement for lokalsamfunnet, har Sanitetskvinnene bidratt til å skapa eit inkluderande samfunn. Deira fokus er kvinner si helse og livsvilkår, som ikkje får same merksemd som menn si fysiske helse. Arbeidet skjer gjennom frivillegheit, forsking og politisk påverking.

- Mosterøy Sanitetsforening har 140 medlemmar, men ynskjer seg fleire og gjerne yngre krefter, fortel leiar Åse Marit Hodnefjell.

Kløverstafetten er finansiert av Stiftelsen Dam.