I flere år har den gamle skulen blitt brukt som eit grendahus for innbyggjarane på Austre Åmøy.

AUSTRE ÅMØY: Velforeninga har kjempa for å få behalde gamle Austre Åmøy skule som grendahus, etter at det blei lagt ned i 2012. No kan det vera slutten på visa.

Stavanger kommune har nyleg utreda dei tre nedlagde kommunale bygga på øya. I rapporten anbefales det at grendahuset (skulebygget) blir revet eller solgt, og at dei nedlagde barnehagane avhendes.

https://www.oyposten.no/2021/08/04/ber-tynt-om-a-fa-behalda-bygdas-storstue/

Ueinige med kommunen

− Det er for så vidt ein heilt grei konklusjon. Men, me er ikkje einige med kommunen. Me er så klart einige i at den gamle falleferdige barnehagen bør rivas, men når det kjem til den skulebygget, er me ueinige i at det er ei HMS-fare, i forhold til korleis me bruker det i dag, sa leiar i velforeninga, Terje Valen, til Øyposten på tirsdag.

I dag er grendahuset, og spesielt gymsalen, bygdas storstue. Der er blant anna der dei arrangerer 17. mai-feiring, julefestar, bursdagar, bygdefestar, allmøter, også vidare.

Dersom gamle Austre Åmøy skole framleis skulle blitt brukt som grendahus, vil det ha ein betydeleg kostnad. Og det er nødvendig med omfattende oppgraderinger de nærmeste årene, skriver kommunen i sin rapport. Vidare bruk er estimert til å kosta 260.000 i året.

Leiaren seier at det viktigaste å få på plass for vidare bruk, er å fiksa taket og takrennene.

− At det skal kosta opp mot 5,5 millionar kroner å renovera bygget syns eg blir feil. Ventilasjonsanlegget her er godt nok for vår bruk, i og med det ikkje brukes som skulebygg til vanleg, fortel Valen.

Det eine barnehagebygget kunne kanskje fungert som grendahus, men det manglar gymsal, noko han påpeiker at dei treng for å kunne bruka det.

https://www.oyposten.no/2021/05/30/slik-gar-det-med-det-gamle-skolebygget-pa-austre-amoy/

Brettar opp ermane

Velforeninga meiner at dei ikkje ville trenge meir enn rundt 650.000 kroner, for å fiksa det som er mest kritisk. I tillegg ønsker dei at kommunen dekker straum, vatn og kloakk.

− Me kan sjølv fiksa småtteri, spyla, vaske, og male. Ja, skulebygget er frå 1974, men med litt arbeid kan det stå i mange herrens år, meiner leiaren.

Han understreker at velforeninga ikkje har økonomi til å drive det kommersielt, som det blir gjort nokre andre stader.

− Me er 300 sjeler her ute, og no er kommunen naudt til å spela på lag. Me skal pigade bretta opp ermane og ta i eit tak dersom dei også er villige, avslutter Valen.

Saka skal diskuteras i Rennesøy kommunedelsutval neste tirsdag, 5. oktober. Deretter skal det opp i Utvalet for miljø og utbygging den 20. oktober.