− Eg trur ikkje dei er noko bekymra for å bli tatt av politiet for slikt. Fordi dei er jo aldri her ute, seier Emma Helle Loffeld (høgre). Her med venninne Astrid Jonassen, begge 14 år.||Thomas (15)|Fritidsleiar Elizabeth Miranda Pettersen trur dei fleste ungdommane tester ut ting som alkohol mest fordi dei er nysgjerrige.

RENNESØY: Astrid Jonassen (14) og Emma Helle Loffeld kan forstå at helsedirektøren er bekymra over auka alkoholbruk blant unge i Rennesøy kommunedel, men:

− Eg trur ikkje dei er noko bekymra for å bli tatt av politiet for slikt. Fordi dei kjem «aldri» ut hit, seier Helle Loffeld.

https://www.oyposten.no/2021/09/11/bekymra-over-auka-alkoholbruk-blant-unge-i-rennesoy/

Auka alkoholbruk

Bakgrunnen for bekymringen var at kommunen skulle sjekka opp korleis ståa var blant dei unge i alder 13-18 på Rennesøy når det gjaldt rusmidler, dette etter ein artikkel i Øyposten.

Då dei undersøkte blei det registrert auka alkoholbruk hos mindreårige.

Thomas Lalid Valen (15) liker å henge på ungdomsklubben. Foto: FOTO: Iris Elin Ullvang

− Det sosiale livet på skolen er vel ganske oppdelt her. Nokon prøver slike ting, medan andre ikkje bryr seg om slik i det heile tatt, seier Thomas Lalid Valen (15).

I førre veke opplyste difor kommunen om at dei hadde kontakta politiet for å driva forebyggande arbeid i området.

− Eg trur ikkje nødvendigvis det vil fungere at politiet oppsøkar ungdommen. Det kan kanskje virka litt strengt eller som skremselstaktikk, seier Jonassen.

− Det er betre at dei snakkar med oss på samme «nivå» slik som dei gjer her på fritidsklubben, seier Helle Loffeld.

Tester grensene

Elizabeth Miranda Pettersen, leiar ved Rennesøy kommunale fritidsklubb, er sjølv berre er 20 år, og kan nok relatere seg lettare til ungdommane.

− Eg trur mange av dei syns det er spennande å teste grensene, men då er det som regel snakk om snus eller alkohol, ikkje narkotika. Nokre av dei har eldre myndige søsken som kanskje kan virke «kule» fordi dei drikk.

Fritidsleiar Elizabeth Miranda Pettersen trur dei fleste ungdommane tester ut ting som alkohol av naturlege grunnar: Fordi dei er nysgjerrige. Foto: FOTO: Iris Elin Ullvang

Kommunen har vore i kontakt med diverse «kommunale instanser» i området i forbindelse med tidlegare nemnte undersøkelse. Fritidsleiaren har ikkje har blitt kontakta.

− Eg opplever det ikkje nødvendigvis som eit aktivt problem blant dei eg kjenner til, men det er vel eit generelt problem på både Rennesøy og Mosterøy at unge byrjar tidleg.

Ho har ei open tilnærming til ungdommane og dei veit at dei kan snakka med ho om alt.

− Dei snakkar med med dersom dei lurer på noko eller treng råd. Fleire er så klart nysgjerrige og lurer blant på kva som er lovleg og korleis noko vil påvirke kroppen og liknande.

Eit anna tiltak som er iverksett av kommunen er å ansette ein person som skal fungere som «oppsøkande» uteseksjon. Det er imidlertid ikkje lenge siden denne stillinga blei utlyst, og det er difor foreløpig uvisst kven det vil bli.