- Me beslutta i går at me gjennomførar siste dag med søk torsdag. Me søker framleis med eit ROV-fartøy mellom Nord-Talgje/Helgøy og Finnøy, seier administrerande direktør i Bremnes Seashore, Einar Eide.

Laurdag kan dei få avløysing. Lensmann i Ryfylkeøyane lensmannsdistrikt, Rolf Kant, seier at han håpar å få inn kystvakta til å søka frå laurdag av.

- Truleg kjem kystvakta inn til helga. Om den sakna har ramla på sjøen, kan han flyta opp igjen etter ei stund. Det vindauget der må me utnytta, seier Kant.

Ifylgje Kant har den taktiske etterforskinga så langt ikkje kome nokon veg.

- Ei heller gjennomgangen av navigasjonsutstyret om bord i båten ga oss noko svar. Det var ikkje lagt inn noko tracking der, seier Kant.

For Bremnes Seashore er desse dagane utruleg krevjande.

- Dette er vel mildt sagt vanskeleg og krevjande for alle som er involvert. Det er nært, vondt og vanskeleg, og me prøvar å ha ei god oppfølging på dei som er tettast på denne saka, seier Einar Eide i Bremnes Seashore.

Bremnes Seashore hadde tysdag ei samling for alle tilsette i Rogaland på Judaberg.