-Synd at ein  gammal mann må gjennom dette

-Det er veldig synd at ein gammal mann som Jan Bokn må gå gjennom dette, seier Ap-politikar Jon Olav Runestad etter avgjerda hos Statsforvaltaren. 

Jon Olav Runestad saman med naust-eigar Jan Bokn då han representert Bokn på møtet med Stavanger-politikarane.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

Av Rune Nedrebø,

FINNØY: Det er nå duka for nye rundar i byråkratiet om naustet på Sør-Bokn skal få stå, eller må rivast. Det er klart etter at statsforvaltaren har bedt om nye opplysningar frå Stavanger kommune, og vil ha saka ut på høyring før ei endeleg avgjerd blir fatta.

Statsforvaltaren har alt brukt fleire månader på å behandla klagen frå ein hyttenabo på det enstemmige vedtaket i utvalget for by- og samfunnsutvikling i Stavanger, om at natustet er nødvendig for landbruksdrifta, og skal få stå.

-Det er veldig vondt å leva så lenge i uvisse, og eg kan heller ikkje skjøna at Statsforvaltaren ikkje har dei opplysningane som trengst for å fatta ei avgjerd. Eg trudde at alle sider ved driftsopplegget til Jan Bokn og behovet hans for å ha eit naust var klarlagt.

Det er ufatteleg at interessene til ein hytteiegar veg mykje meir enn interessene til garden på Sør-Bokn som har hatt brygge og naust i mange hundre år, seier Runestad.

Publisert: