FINNØY:

Finnøy gjekk på sitt andre nederlag på rad på heimebane, og står med 6 poeng etter fire spelte kampar i årets serie i 5. divisjon.,

Dermed går det truleg også mot ei plassering midt på tabellen, når status for årets svært så korte og forseinka kampsesong skal gjerast opp om vel ein månad.

Bortelaget regjerte

Eit velspelande bortelag tok raskt kommandoen i kampen, og alt i det 9. minutt sette Azad Jørgensen ballen sikkert i mål på bakre stolpe etter eit innlegg frå høgre. Bortelaget held fram med å styra det meste av spelet, og finnøyspelarane vart springande mellom og skapte knapt nok ein einaste målsjanse i løpet av 1. omgang.

Det var difor på ingen måte ufortjent då Fredrik Myhre Gjerde fastsette pauseresultatet til 2-0 i det 44. minutt. Før den tid hadde laget også eit skot i tverrliggar. Det nermaste Finnøy kom scoring, var eit langskot frå Ruben H.Eggebø som gjekk like utanfor krysset.

Fatale tabbar

Også andre omgang starta på verst tenkeleg måte for heimelaget, då ein støttepasning til midtstopper Anders Eike vart fanga opp av Vardeneset sin spiss. Han runda keeper Morten Engebretsen og plasserte ball nummer tre i nettet.

Og det skulle bli verre like etter, då ein tversoverpasning igjen blei fanga opp av ein Vardeneset-angripar. Det førte til at Azad Jørgensen på enkel vis kunne setja sin andre for kvelden etter 52 minutt. Og punkterte dermed kampen.

Likevel tente heimelaget sin spelar Jarle Sigbjørn R. Eike eit lite håp, etter ein klar miss i bortelaget sitt forsvar berre tre minutt etter. Men gleda og håpet varte ikkje lenge, for nye tre minuttar etter sette Fredrik Myhre Gjerde spikeren i kista med si 5-1 scoring.

Men det skulle heller ikkje stoppa der; For i det 64. minutt stod heimelagets Flavius Mihet for kampens store prestasjon, då han etter eit godt oppbygd angrep drog seg innover i banen frå sin høgre kantposisjon, finta bort to-tre spelar, og banka ballen knallhardt ned i venstre hjørne.

Dermed var det 5-2 til bortelaget. I det 84. minutt pynta Roar Haug igjen på resultatet for Finnøy, men berre fire minutt etter bestemte igjen bortelaget seg for verkeleg å visa at dei var det klart beste lager på Leikvoll denne mandagskvelden, då Andrew Duthie fastsette sluttresultatet til heile 6-3 til bortelaget.