(Arkivfoto): Kaien på Brimse blei avsperra etter fundamentsvikt.

STAVANGER

: Saka kjem opp i første møtet i utvalget for Utbygging og Miljø. Der foreslår kommunedirektøren at det blir brukt ein halv million til å sikra betongdelen på kaien. Dette vil kun sikra den steinsette delen av kaien midlertidig. Kor mykje ei permantent sikring av steinfundamentet til kaien vil kosta, er ennå ikkje klart, og er noko som må gjerast på lengre sikt.,

Med dette opplegget kan ferjetrafikken på Brimse koma i gang igjen i løpet av ei vekes tid, heiter det. Kaien er forstsatt stengt for ferjeanløp, etter at det i sommar blei oppdaga at fundamentet var i ferd med å siga ut. Dette har resultert i ei stor sprekk i kaiplata.

Når det gjeld kaiane på Brimse og Byre, som også er gamle, murte kaiar, er det ikkje nødvendig med umiddelbare tiltak, meiner kommunedirekltøren. Men dei bør insspiserast av dykkarar annankvart år.