Snart kan folk i Finnøy komma seg til og frå Flørli og Lysebotn med båt direkte ifrå øyane. Foto: Trond Helgøy|Helgøy Skyssbåt er klar for ein ny sesong.

HELGØY:

Det har vore mest umogleg for folk i Finnøy å komma seg til Flørli og Lysebotn med mindre ein går med eigen båt eller køyrer bil. Til og med ifrå Stavanger er reiserutene så kronglete og innvikla at mange rett og slett ikkje har fått det til.,

Helgøy Skyssbåt er klar for ein ny sesong. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

- Eg har heller aldri klart å reisa kollektivt ifrå Ryfylke til Flørli og Lysebotn. Det er sjølvsagt synd at folk i Ryfylke ikkje få ta del i dei største nasjonale turistattraksjonane som i tillegg ligg i regionen vår. Me veit ikkje korleis responsen vil bli, men basert på erfaringar i frå i fjor, då båten gjekk ifrå Talgje, velde me å utvida dette tilbodet i år, men i år med avgang i frå fleire stader i Ryfylke. Turane i fjor var temmeleg fullbooka dei sundagane det var fint vêr. Det er lett å forstå når ein skal gå trappene.

Turen skal gå kvar sundag frå 27. juni til 15. august, og startar i Grønvik på Fister klokka 0930 og går via Byre, Bokn, Sørvåg, (Fogn) Talgje, Tau og Jørpeland til Flørli og Lysebotn. Båten går tilbake ifrå Flørli etter fire timar, for å henta dei som har gått trappene. Dei som ikkje ynskjer å gå trappene kan bli med til Lysebotn, kor båten ligg rundt êin time før den går ut til Flørli igjen. Rundturen er åtte timar og kostar 749 kroner inkludert lunsj om bord.

- Mange har etterlyst ei slik rute lenge, kva er grunnen til at det blir aktuelt fyrst no?

- Det har samanheng med at me tidlegare har arrangert turar mest for bedrifter, men då pandemien kom og sette ein stoppar for det, måtte me som mange andre, tenka nytt. Så var som sagt erfaringane  i frå i fjor gode. Helst ville me hatt avgang ifrå endå fleire kaiar i området, men det er alltid ein balanse mellom å nå flest mogleg kaiar, og ikkje få for lang reisetid. Difor har me veld plassar som folk flest kan komma seg til og ifrå, seier Halsne.

Den nye ruta er eit samarbeid med Lysefjorden Utvikling og Reisemål Ryfylke.