Fåholmen har blitt ein «forrektige» badeplass

Badeplassen på Fåholmen har fått seg eit skikkeleg ansiktsløft.

  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Fåholmen badeplass midt i Judaberg er oppgradert og har blitt ein flott "bystrand." Foto: Oddbjørg Måland

FINNØY:

- Etter oppgraderinga er det mange fleire som brukar den flotte stranda på Judaberg. Det er kjekt å sjå at det er liv og røre her. Born og vaksne kosar seg seint og tidelg på godversdagar. Eg er ikkje i tvil om at det skuldast utbetring av fasilitetane. Det har blitt laga ein fin og jamn sti som er brei nok til barnevogn og rullestol, i tillegg til grill, bålpanne, to sittegrupper og bossdunkt. Det har verkeleg blitt lagt til rette for at folk kan nytta seg av den flotte plassen. Til og med ei geit har komme på plass for å ta seg av landskapspleien, fortel Berit Hopland, som er nabo til stranda og har såleis god oversikt over det som skjer.,

- Men det er ikkje toalett?

- Nei, og det burde det vore på ein slik flott plass som har alt anna. Som lokalpolitikar har eg engasjert meg i toalett-situasjonen på dei to mest populære badeplassane i kommunedelen, og vil jobba aktiv for å få det til. No kan det sjå ut som det kan bli toalett på badeplassen i Kvitevik til neste år, fortel Hopland.

8. juni føretok kommunen måling av badevatnkvaliteten ved desse badeplassane i Finnøy og Rennesøy. Alle blei målt til tilfredstillande.

Fåholmen badeplass

Kvitevik badeområde

Prestvågen, Vikevåg

Sandvik, Østhusvik

Kadlaneset, Mosterøy

Hedlevik, Askje

Skorpefjell, Mosterøy

Sokn camping

Breivik, Vestre Åmøy

Steinnesvåg