Etter mange års total mangel på tilsyn, der både ein større støttemur var i ferd med å rasa ut, og store steinar og rekved låg strøydd utover på sandstranda, framstår ho i dag både ryddig og langt meir innbydande til å ta imot badegjester.Årsaka er eit fornya og godt samarbeid mellom dei to grunneigarane ,Henrik Halleland og Tom Terje Flesjå, og ein ny årleg avtale mellom kommune og grunneigarar.,

Ny leigeavtale

-Den tidlegare 40 år gamle servituttavtalen om bruk og vedlikehald av stranda mellom Finnøy kommune og oss gjekk nyleg ut, fortel Halleland.-Det har resultert i ein ny årleg avtale mellom oss og nå Stavanger kommune.Og eg synest verkeleg at den nye kommunen har vore imøtekomande, og i fellesskap med oss grunneigara gitt Kvitevik eit løft,understrekar han.

Ein ny og større grill er sett ut.Skilt om »Badevettsreglar» er montert opp, og begge dei to strendene og badestrendene framstår rein og

ryddig.No har også kommunedelsutvalet i Finnøy engasjert seg ,og bedt kommunen om at dei sanitære forholda med eit nytt toalett blir også blir sett opp.

-I tillegg har eg planar om å så til og etablere ei grasslette ovanfor støttemuren som går bortover langs hovudstranda, opplyser Halleland.-Og på den mindre stranda lenger mot vest, har me planar om å etablera ein sandvolleybane om me får det til.

Men enn så lenge, er det berre å kasta seg i sjøen i Kvitevik.For no innbyr både sommarvarmen, og ikkje minst ei rein og flott badestrand til ein skikkeleg dukkert.