|

Heller ikkje me i lokalavisa har høyrd noko, eller blitt informert om noko utover det som kjem frå offisielt sentral hald i den norske kyrkja.,Førstkomade søndag,derimot, vil sokneprest  Tor Egil Eriksen «Ta ein for laget» , slik det står å lesa på «Kyrkja i Finnøy» si eiga Facebook-side.,

Kor langt ut denne kunngjeringa i Hesby sokn når er enno uvisst, men i kveld laurdag er det berre 7 «Likes» på denne kunngjeringa.

Solknerådsmedlem i Hesby sokneråd, Olav Reilstad, innrømmer gjerne at dette ikkje er bra nok, og at han vil ta dette vidare inn mot dei som er ansvarleg.-Det er nettopp i slike krisesituasjonar som no at gjerne folk treng nokon å prata med, og at kyrkja bør vera synleg. For det er nok mange einsame der ute i desse tider.Det er mange måtar å  driva diakoni  og samtala på , for hjelpemidla er mange i dag.Diokoni og samtaletilbud er det mogeleg å yta sjølv om kyrkjerommet fysisk er stengt for ordinære gudstenester og forsamlingar, innrømmer han.