Slik vil kommunedirektøren fordela pengane frå staten:,

Rennesøy skole:

Tak- og fasaderehabilitering, 1,1 million kroner,

Halsnøy barnehage:

Utskifting av kledning, vinduer og fasade, 600.000 kroner,

Mosterøy skole:

Utskifting av belysning, 300.000 kroner,

Ombo oppvekstsenter:

Fasade og belysning, 600.000 kroner,

Hesby barnehage:

Fasaderenovering, 500.000 kroner,

MC Huset i Vikevåg:

Diverse kledning, vinduer, sikring av tak, 250.000 kroner,I tillegg er det sett av 5 millionar til

vedlikehald av kaiar og bruer

som også kan koma øyane til gode

Totalt meldte kommunen inn prosjekt på til saman 423 millinoar kroner, og fekk altså 67,5 millionar. Det kan også nemnast at ein kommune som Strand fekk 5,7 millionar kroner.

-Me har prioritert mange mindre prosjekt i standen for få og store, for at me skal få mest mulig sysselsetting ut av kvar krone og spre oppdraga på mange firma, seier direktør Leidulf Skjørestad i Stavanger kommune til Øyposten.

Den største posten som blei spelt inn til Staten var det nye kommunehuset som er planlagt i Vikevåg. Forslaget var å tilgodesjå dette med 80 millionar kroner. Menb det kjem ikkje pengar til nybygget nå.

-Det er fordi det fell utanfor kriteriane for å kunna få del i denne løyvinga, men det visste me ikkje då me splte dette inn, opplyser Skjørestad.

Andre prosjekt som ikkje nådde opp er:

Skatebane

, trinn 2, Rennesøy 20/21 2 mill.,Rehabilitering

Austre Åmøy kai

anbud sendes ut 2020 12 mill.,

Sjernarøy oppvekstsenter

fasade, belysning osv 2020 1.5 mill.

Lekeplasser Finnøy/Rennesøy

etterslep høst 2020 1.5 mill,

Fordelinga av midlane skal opp i utvalg for miljø og utbygging neste veke, og leiaren der, Rune Askeland (mdg) seier at fleirtalspartia i hopvedsak kjem til å gå for forslaget frå kommunedirektøren.

-Det er mulig det er sett av litt for liote til vedlikehald av kaiar, det må me sjå på. Me veit at det er mange kommunale kaiar som treng vedlikehald. Eg var sjølv på Ombo nyleg, og den gamle kaien der er blant dei som skulle fått eit løft, seier Askeland.

-Er du nøgd med den totale potten?

-Me skulle sjølvsagt alltid hatt meir, men det er uansett kjærkomne midlar. Men me er veldig spent på kommunebudsjettet i haust og kva situasjon me då er i. Der vil både revidert buidsjett nå og statsbudsjettet i haust spela inn. Ifølge kommunedirektøren har korona-pandemien kosta kommunen mellom 400-800 millionar kroner, påpeikar Askeland.