Mastrafjordtunnelen blei stengd tirsdag ettermiddag på grunn av trafikale problemer.

-Dette er tiltak som me trur vil ha god effekt, samstundes som kostnaden står i forhold til kva me vil oppnå, opplyser tunnelforvaltar Bjørn Arild Fossåen i Statens vegvesen til Øyposten.,

Ifølge Fossåen har vegvesenet ei tid arbeidd med korleis problema knytta til dei hyppige stengningane av Rennfast kan reduserast.

På eit møte i dag blei det enighet om å prøva med redusert fartsgrense ved "hendelsar" i Rennfast. Det betyr at bilistane vil kunna passera viss for eksempel ein bil har fått motorstopp inne i ein av dei to tunnelane, så snart vegsentralen opplever at situasjonen er under kontroll. I dag må dei som regel venta på bergingsbil.

Dessutan skal det setjast opp informasjonsskilt ved tunnelåpmningane, slik at bilistane får betre orientering om kva som skjer når tunnelen er stengt.

-Me håpar at desse tiltaka kan vera på plass i løpet av seinsommaren eller tidleg i haust, seier Fossåen.

-Går det ikkje an å framskunda tiltaka?

-Dette ligg utanfor vår kontroll, og kjem så raskt me kan få det til, seier han.

Venstres Jan Erik Søndeland varslar i Aftenbladet at han ville ta alle stengningane i Rennfast opp i formannskapet.

Søndeland seier i ein kommentar til Øyposten at han er glad for at vegvesenet nå tar tak i saka.

- Det er veldig bra. Poenget mitt er at me må sikra at denne viktige trafikkåra er åpen. Eg hadde også håpa at me slapp å venta tiø etter sommaren før noko blir gjoryt, seier Søndeland, som fortsatt meiner det bør vurderast ein eigen bergingsbil for Rennfast.

Venstre-politikaren håpar også at ordføraren vil fylgja opp saka i formannskapet på torsdag.