Denne flotte eika på Ombo skal vera 500 år, og veks mellom Eidsund og Jørstadvåg. Det må fem personar til for å ta rundt henne. Frå venstre Simon Røberg Ullenes, Oda Røberg Ullenes, Annette Røberg, alle mfrå Rennesøy og Liv Kristiansen frå Tananger. (Foto: Tore Kristiansen)

Eika står mellom Eidsund og Jørstadvåg, og i følge Håkon Eide, lokalhistorie-entusiast, er omkrinsen målt til heile sju meter og 10 centimeter.,

-Eika må vera det klart eldste treet, ikkje bare på Ombo, men i heile øyane. Eg veit i alle fall ikkje om noko eldre, seier Eide.

Han legg til at det kom ein fagmann frå kommunen på 80-talet for å måla alderen, ein danske.

-Han anslo straks at eika måtte vera 500-600 år. Men kva nærare resultat han kom fram til fekk me aldri greie på, før han slutta i kommunen og reiste tilbake til Danmark, seier Eide.

Det stod opprinneleg to eiker her, men den eine bles ned i ein storm.

-Nå er det ikkje liv i eika lenger, det er ganske sikkert, legg Håkon Eide til.

Det er merka sti inn til eika, som ligg halvannan kilometer frå fylkesvegen, inn frå Øvre Holle.

Det høyrer også med til historia at eika heldt på å fara under den store skogbrannen på Ombo for eit par år sidan. Då var flammane bare nokre hundre meter unna.

Viss nokon av Øyposten sine lesarar veit om eit tre som er maken, er me interessert i tips.