Overstyrmann Rakel Meling frå Kvitsøy har panorama utsikt til fin ryfylkenatur. Foto: Privat.

STAVANGER:

Det var mange som tok oppmodinga på alvor. Ei av dei er Rakel Meling frå Kvitsøy som fekk flest klikk på videoen ho laga frå Nord-Hidle. Nå kan ho innkassera 20 000 kroner.,

Meling er overstyrmann og jobbar på Norled sine ferjer i finnøysambandet.

- Eg har god utsikt til mykje flott natur frå styrhuset kvar einaste dag, difor har eg blitt litt ekstra interessert i å ta bilete. Men det fyrst då eg såg videoen til Veronica Simone Fjeld, alias Yummi Mummi på snap, at eg blei kjent med øyrike-appen.

God marknadsføring

Vinnarvideoen har Meling teke frå styrhuset i det ferja legg til kai på Nord-Hidle ein solskinsdag i sommar.

- Filmsnutten min er den einaste i appen frå Nord-Hidle, og kjem automatisk opp når det blir søkt på Nord-Talgje. Det er nok difor den har fått så mange klikk.

- Kva skal du bruka pengepremien til?

- Det nærmar seg jo jul, så kanskje blir det julegåver? Pengane kjem godt med uansett, seier Meling som ønskjer at andre kommunar også vil ta appen i bruk.

- Det er ein super måte å marknadsføra distriktet vårt på. Mange fleire ville vore interesserte i å utforska nærområda, og mange ville fleire komme seg opp og ut på tur, seier Rakel Meling.

  Utvidar appen

Appen verkar slik at alle kan laga sitt eige innhald ved å lasta opp ein video og plassera punktet på kartet. På denne måten vil turistar og besøkande få tilgang på unike og varierte historiar om plassane, som dei kanskje ikkje elles ville finna. Når innhald på punktet er ferdig og publisert vil det komma opp i appen på eit kart ved hjelp av GPS. Du kan enkelt kombinera film og tekst, og alle som har appen kan sjå din filmsnutt. Meir enn 60 videoar frå unike stader på øyane har blitt lagt inn på appen. Pluss alle grøne punkta som er attraksjonar, turar og tilbod frå aktørar på øyane.

- Det finns utruleg mange spennande punkt og mykje å oppdaga i appen, så folk må berre halda fram med å legga ut videoar, seier Jan Erik Helgevold i Utviklerne AS.

Helgevold sitt firma var ein av fem kandidatar som blei plukka ut av Stavanger kommune til å vera med i det såkalla kvikktest-eksperimentet. Målet var å utfordra kandidatane til å testa nye løysingar som kan bidra til å gjera øyriket til ein endå betre turistdestinasjon. Utviklerne fekk 220 000 kroner frå kommunen til utvikling av appen.

- Du er nøgd med responsen?

- Dette har verka 100 prosent hensikta. Dei mange tilbakemeldingane frå brukarane gjer at me kjem til å satsa på endå fleire nye og spennande prosjekt til neste år. Det er litt av grunnen til at appen nå skifter namn frå Øyriket til Oppdag slik at fleire område kan bli med. Brukarane vel då kva for område dei vil utforsk. per i dag finns Oppdag Øyriket, men frå neste sommar blir Oppdag Ryfylke lagt inn. Det gode resultatet av denne «testperioden» er at det vil bli utplassert like skilt på nokre av dei mest sentrale plassane, som fortel om appen og kva ein kan oppleva på staden. Denne informasjonen vil og bli gitt på engelsk. Altså ein positiv ringverknad av denne aktiviteten, og fleire er på veg.

Frå neste sesong blir appen utvida med ein rebus som er laga slik at folk må oppsøka plassen for å finna rett svar.

- I tillegg har eg laga en liten øyquiz som ligg i appen nå for å visa korleis  dette skal bli. Det blir med andre ord mykje å gleda seg til framover, avsluttar Jan Erik Helgevold.

Punktet som fekk nest flest klikk er Steinstol ved havet. Dette punktet ligg heilt på tuppen av Bru.

På tredje plass kom punktet Oase på Sør-Hidle.