Jan Terje Vignes kan fredag vinna ein høgthengande pris for arbeidet sitt med berekraftige løysingar i tomatprodukjonen.

FINNØY:

Prisen skal delast ut fyrstkommande fredag, under Gartnerhallen-kongress 2021 i Oslo fredag.,

– Jan Terje Vignes er fjerde generasjon tomatgartnar ved Lauvsnes gartneri. Gjennom dei siste 20 åra har gartneriet satsa tungt på innovasjon og utvikling, under leiing av Jan Terje. No driv han nybrottsarbeid i norsk og internasjonal samanheng med massiv satsing på ny grøn veksthusteknologi, skriv Gartnerhallen i ei pressemelding.

https://www.oyposten.no/2021/05/22/tomatane-pa-lauvsnes-blir-verdens-forste-klimanoytrale/

For denne offensive satsinga er Vignes plukka ut av juryen som éin av tre finalistar i årets utdeling.

– Det er sjølvsagt kjekt at andre ser kva me held på med, og anerkjenner arbeidet. Me ønskjer å vera framme i skoa og prøva ut nye, framtidsretta løysingar, seier Jan Terje Vignes til Øyposten.

– Kor store er vinnarsjansane?

– Det er sterke kandidatar i finalen, så det er vanskeleg å svara på. Men me er jo leiande i klassen med det nye systemet vårt, som gjer at me kan produsera klimanøytrale tomatar. Viss me vinn vil det bli ein veldig inspirasjonsfaktor for oss å fortsetta med den same berekraftige tankegangen. Det er uansett ein siger i seg sjølv å bli nominert, det er folket som har stemt meg fram, seier Vignes.

Fyrste av sitt slag i verda

Veksthusarealet er utvida frå 1000 til 30.000 kvadratmeter. Vignes var ein av landets første heilårsprodusentar av tomatar. Han testar stadig nye sorter og har gått i bresjen for utviklinga av ein smartare tomatemballasje som har redusert plastforbruket med 33 prosent.

Det nye produksjonssystemet, som er nå er under utbygging på Lauvsnes, er imidlertid i ein heilt annan skala, og det første av sitt slag i verda.

–  Eg trur dette vil bli ein «gamechanger» i produksjonen. Me lukkar veksthuset, og får full styring på fuktigheit, temperatur og CO2-nivå. Det gjer at me kan produsera meir varer, på under halvparten av energiforbruket, kor all energien me brukar er grøn energi, forklarer Vignes.

Om Gartnerhallen sin innovasjonspris:

Gartnerhallen sin innovasjonspris er ein heiderspris til den eller dei som særskilt peikar seg ut innan utvikling og nytenking i norsk grøntproduksjon. Prisen skal delast ut for niande gong på Gartnerhallen-kongress 18.-19. november 2021. Blant 16 nominerte kandidatar har juryen valt ut tre finalistar: Simen Myhrene, Karl Martin Viken og Jan Terje Vignes.