Den siste av Hauge-søskena er gått bort

Då Marit Eike døydde nyleg, var ho den siste av Hauge-søskena som gjekk bort. Det var ein kreativ familie med far, mor og ni søsken som hadde heimen sin på det vesle bruket Hauabøen på Kyrkjøy. 

Kolbein og Mari Hauge med alle borna. Frå venstre Kolbjørn, Sigmund, Gunvor, Marta, Marit, Ruth, Alfred,  Arne og Magne.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

SJERNARØY:

Mest kjent er sjølvsagt storebror Alfred Hauge med sitt rike forfattarskap, men fantasien og skaparånda vaks i mange av dei andre også, Marit inkludert. Kolbjørn skapte seg eit namn som krimforfattar og kåsør, og også broren Arne skreiv, og hadde både humor og snert. Magne måla, og Marit skreiv og framførte både dikt og prologar. Korleis denne åra kom inn i familien, er ikkje godt å seia, men i gravferda til Marit blei det henta fram ein song som mor hennar, Mari, fødd Auglend frå Bryne, hadde skrive. Skrivegleda kan difor godt ha kome derifrå.,

Livet for den store familien på Hauabøen var enkelt, men dei hadde det dei trong. Og ikkje minst hadde den store flokken godt selskap og mykje moro med kvarandre. Det blir fortalt at dei ein gong tok lodd og kunne vinna ein bil. Brørne til Marit malte ute korleis dette kom til å bli, for på Kyrkjøy var det ikkje vegar, og vann dei måtte dei flytta frå den kjære heimplassen. Brørne dikta og song, og Marit og veslebror deira grein sine modige tårer.

 

Heimkjær

For Marit var heimkjær, det var det ingen tvil om. Etter eit besøk hos mormora på Bryne, kunne systera fortelja at ho og søskenbarnet nesten hadde drukna. Det sette ein støkk i foreldra, heilt til søstera heldt fram: -I Marit sine tårer. Så mykje hadde ho lengta heim.

Bilen vann dei heller ikkje, og familien blei verande på Kyrkjøy. Etter oppveksten der måtte Marit ut i teneste, og var både på Talgje og i byen. Den gong gjekk det an å ta kurs i å vera husmorvikar, og det gjorde Marit, og jobba som det i øyane før ho blei gift.

Marit traff mannen, Jon Eike, då ho var i 20-årsalderen. Han var noko eldre enn henne, og bror hennar, Arne, kvikk i replikken, kunne ikkje dy seg. -Veit du kor gammal han er, han du fer og dreg deg med, spurte han. Marit tenkte ho måtte ta godt i og satsa på 30. Ja, sa Arne, og han blir snart 31.

Aldersforskjellen til tross, dei to heldt saman, og 24. november 1951 gifta dei seg.

Marit var allsidig og likte godt å jobba ute, og dei to drog lasset godt saman. Dei levde for det meste av det som fanst på bruket. Det var drivhus med tomatar og agurker, jordbær, rips og grønsaker, frukt og beinved og det som sjøen gav i tillegg.

Saman fekk Jon og Marit tre jenter, eldstejenta Marianne, så kom Margrethe og til slutt Jane Kirsten. Ho fekk også oppleva å få 10 barnebarn og 16 oldebarn.

Aktiv og sosial

Marit Eike var ei aktiv og sosial dame. Ho vov og broderte, skreiv innlegg i avisa og skreiv dikt og songar til ulike anledningar. Ho vann også ein diktkonkurranse, og fekk framføra vinnardiktet på Sildakongen sitt sildabord i Haugesund. Ei av forteljingane hennar kom også på trykk i Nitimen si bok om gode dyrehistorier. Marit likte seg godt på skulen, og det var ofte at hennar stilar blei lesne høgt for klassen.

Då skulane i Sjernarøy blei slått saman, var det Marit som fiksa opp fana og broderte inn namnet på den nye skulen. Fana var opphavleg teikna av bror hennar, Magne og sydd av mor deira, Mari Hauge,  og Tonny Lund til skulen på Kyrkjøy.

Marit var engasjert i mykje av det som føregjekk i bygda, og var med både i politikken, soknerådet, misjonsarbeid, skulen, saniteten og i eldresenteret.

På sine eldre dagar svikta kortidsminnet hennar, men fortsatt kunne ho deklamera mange av versa av diktet om Terje Vigen utanåt. Marit Eike gleda og imponerte mange både på sjukeheimen på Finnøy og andre stader med å framføra både dette og andre dikt frå hukommelsen.

Humor hadde Marit Eike til det siste. Ein gong kom ho til å spørja om kven som døydde først, ho eller mannen Jon. Ho sansa raskt kva ho hadde sagt, og både ho og familien lo godt av spørsmålet.

Marit Eike sovna stille inn på sjukeheimen tidleg på føremiddagen, laurdag 27. november, 94 år gamal.

Publisert: