Sigmund Asmervik vil at Nye Stavanger skal bli ein «landbruksby», med meir land i byen og meir folk på bygda.|Dagny Sunnanå Hausken (sp), Mats Danielsen (frp), Henrik Halleland (krf) og Terje Øvrebø (sp) var i politikar-panelet.|

RENNESØY:

Det må bli konklusjonen etter folkemøtet på Kulturhuset Meieriet om Nye Stavanger tysdag kveld.,

Møtet samla eit femtitals personar, flesteparten «godt vaksne», og dei aller fleste frå kommunedelen Rennesøy. Men det var også nokre andlet å sjå frå naboøyar som Fogn og Finnøy.

Verkebyllar

Ordstyrar Espen Røsbak frå Sølvberget hadde gjort heimeleksa si godt, og sørga for ein engasjert og underhaldande debatt kor dei fleste «verkebyllane» i øyane blei berørt: Eigedomsskatt, framtida for Vikevåg, bubilparkeringa i båthavna der, skulekutt (Mosterøy skule manglar fem millionar), trafikksikring og Øyfast, for ikkje å gløyma det.

-Mykje talar for at det er bra å vera i Stavanger, konkluderte frp-politikar Tor Bernhard Harestad på tampen av møtet,  som også blei kringkasta digitalt av Aftenbladet.

Dagny Sunnanå Hausken (sp), Mats Danielsen (frp), Henrik Halleland (krf) og Terje Øvrebø (sp) var i politikar-panelet. FOTO: Rune Nedrebø

Sølvberget hadde kasta seg på digitalbølga og ordstyraren kunne varta opp med ei løpande meininsmåling om kor nøgde folk er med Nye Stavanger. Å dømma etter den står det ikkje så verst til, og bare ein (?) ville at kommunen skulle løysast opp igjen. I såfall må det sendast søknad om det innan sommaren, opplyste Røsbak.

Turmål for Stavanger

-Eg håpar at Rennesøy og Finnøy ikkje bare blir eit turmål for stavangerfolk, sa leiaren i kommunedelsutvalet for Rennesøy, Terje Øvrebø under debatten.

Øvrebø var skuffa over at lokalpolitikarane blir så lite høyrt når saker som angå øyane kjem til behandling i Stavanger, og peika mellom anna på arealplanen kor eit samla kommunedelsutval hadde ei rekke forslag. Ingen av dei blei tatt til følge av Stavanger-politikarane.

Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken (sp) hadde inntrykk av at det fortsatt heng litt igjen hos lokalpolitikarane i øyane at Finnøy og Rennesøy var sjølvstendige kommunar. Men det er trass alt sju andre kommunedelar i Stavanger, påpeika ho.

-Mye blei nedstemt, sjølvsagt, det var ikkje anna å venta, slik er det i politikken , sa Sunnanå Hausken om arealplanen.

By- og regionplanleggar Sigmund Asmervik, opphavleg rennesøybu med mor frå "øya" og far frå Talgje,  ville at Stavanger i større grad skulle bli ein «landbruksby».

Judaberg meir på tunga

-Me har fått ei fortetningssjuka. Di tettare folk bur i byen, dess betre, utan tanke på bumiljøet. Det er ei ulukke og ikkje berekraftig. Byen må heller fortynnast, fleire må bu på landet og det må bli meir land i byen, meinte Asmervik mellom anna.

Henrik Halleland understreka at det tek tid å bygga ein ny kommune, og var sikker på at det tilstundande byjubileet i 2025 vil bidra sterkt til å byggja ein felles identitet i den nye kommunen. Jon Olav Runestad hadde inntrykk av at Judaberg ligg meir framme på tunga hos politikarane i byen enn Vikevåg, og foreslo at lokalpolitikarane i Finnøy og Rennesøy bør møtast av og til for å drøfta og samlast om felles saker.

-Om me bare har flinke nok politikarar kan mykje bergast for øyane, slo Ap-politikaren frå Fogn fast.