Festleg fotball i Fleirbrukshallen

Fotball for alle var igjen hovudfokuset då Finnøy IL lørdag arrangerte si romjulsturnering i Fleirbrukshallen. Her møttes store og små i mest alle aldrar, både aktive og mindre aktive, til «five a side» fotball til langt utpå ettermiddagen. Det heile i ein gemytteleg tone, men som alltid kom både vinnarinstinktet og prestisjen tydeleg til syne etter kvart som sluttspelet nærma seg i dei respektive klassane

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Her stilte gjerne både bror og søster, kameratar og venninner, og ikkje minst både far og son opp på eitt og same lag. Ja til og med reine familielag,med familien Halleland i spissen,deltok. Også våre nye landsmenn, som etter kvart har blitt eit betydeleg innslag i den sosiale kvardagen på øyane i Finnøy var godt integrert i enkelte lag.,

-I den yngste årsklassen, frå 3. klasse og opp til 8. klasse, melde barna seg på som enkeltspelarar så sette me vaksne opp laga for å gjera dei så jamgode som mogeleg, fortel primus motor for arrangementet og leiar i idrettslaget, Bendik Hegglund. Han konstaterer at denne uhøgtidelege romjulsturneringa er komen for å bli,og at det er eit turneringskonsept som nå byrjar å bli veldig populært.

,-Det er også ein flott anledning for mange av ungdomane som er borte på skule, eller som er ute å studerer, til igjen å møtast gjennom fotballen når dei no er heime på juleferie, legg Hegglund til.-Så det sosiale og triville rundt denne forma for fotball, var det viktigaste. Og det trur eg at me har lukkast godt med, konstaterer ein tilfreds idrettslagsleiar. Om vel ein månad, kan han også helsa ein stadig aukande medlemsmasse i idrettslaget velkomen til opning av det nye praktbygget av eit klubbhus som har reist seg på Leikvoll i løpet av hausten og vinteren.