Lars Endre Eike tv, Morten Reianes og Pål Eivind Dalaker har saman starta Rennesøy Elektro.

Då hadde dei begge to gått både læretida si her, og Pål Eivind hadde då til saman 14 års fartstid i bedrifta. Når me igjen møter dei i den vesle brakka med lager- og kontorlokale  i Mehusvegen 14, har den vesle bedrifta ekspandert ytterlegare, og teke med seg halsnøybuen Lars Endre Eike over fjorden frå naboøya Halsnøy og Finnøy.,

-Det har vore mykje hardt arbeid med lange dagar og kveldar, seier Pål Eivind i det han tek seg ein god slurk frå kaffikoppen innerst i kontorbrakka på Østhusvik.

- Og det er vel slik at me ikkje skal gjera opp status for slike nystarta bedrifter før etter minst fem år, legg ein nøktern dagleg leiar, Morten Reianes, til.

 Både små og store oppdrag

-Men tal tilsette har jo auka med ein tredel på berre halvtanna år. Så det betyr vel at ting går bra,

prøver me oss?,-Ja, det gjer jo det, men det har vore ei tøff tid i ein tøff marknad som har hatt sine utfordringar i akkurat denne perioden som me har etablert oss, seier Morten.,

-Og så er me ikkje redd for å ta på oss små oppdrag, gjerne også eit stykke unna, legg Lars Endre til.

Han fortel at dei har teke på seg oppdrag frå Nedstrand og Årdal i nordaust til nedover mot både Sandnes og Gjesdal i sør. Me tek på oss både mindre og gjerne litt større oppdrag, innan både nybygging og renovering av hus. I tillegg til andre oppdrag innan lokalt og regionalt næringsliv og landbruk. For me ser på  både Nord Jæren og Ryfylke som vårt nedslagsfelt, fortel Eike.

Satsar på service

-Men for ein som må både i ferje og bil for å komma til og frå arbeid, og i tillegg driv litt gard på si, så blir det ofte lange dagar. Og utan ei samarbeidsviljug og grei kone på heimebane hadde heller ikkje dette gått, innrømmer småbarnsfaren frå Halsnøy.

-Eg trur dette at me ligg lågt både i pris, at me er fleksible, yter god service og prøver å gjera ein skikkeleg jobb i tillegg er dei beste referansane me kan få. Så slik sett føyer me oss inn i rekka av slik dei fleste bedrifter her på Ryfylkeøyane ynskjer å framstå og har tradisjon for å vera. Då er det hardt arbeid, og det å vera ryddig og påliteleg som gjeld, slår Pål Eivind fast før han tek med seg dei to arbeidskameratane og bestekompisane ut på nye oppdrag.