Christer Corneliussen vil ha eit formalisert og tettare samarbeid med naboklubbane i Nye Stavanger|Fleire lokale aktørar vil vera med å bidra til ein aktiv sommar for born og unge, Illustrasjonsfoto.

-Me har alt i dag, både gjennom denne 5-ar og 7-ar turneringa for dei yngste fotballspelarane våre, og i enkelte tilfelle også i form av utveksling av spelarar som har mangla eit tilbod i eigen klubb, gjort dette. Også Finnøy si 3-ar,5-ar og 7-ar turnering på Leikvoll i juni, der me har delteke begge dei to siste åra, er ein del av denne bevisstgjeringa der me set både enkeltspelaren og det sportslege i fokus, seier Corneliussen.,Men den unge trebarnsfaren, med ein solid fotballfagleg bakgrunn både som spelar i Vidar og ikkje minst som spelarutviklar og trenar i ungdomsfotballen Viking og lærar på toppfotballinja ved St. Svithun vidaregåande skule, ynskjer no å ta dette vidare og gjerne også forankra det formelt i dei tre klubbane.,-Eg ser gjerne at me kunne etablert eit eige trenarforum for skolering og utvikling av trenarar for å gi alle gutar og jenter eit så bra sportsleg tilbod som mogeleg. Det gjeld både dei som vil bruka mykje tid på fotballen og dei som gjerne vil bruka litt mindre tid på hobbyen sin. Så ser me gjerne også at det innan enkelte årskull kan vera litt få spelarar og problemer med å stilla lag. Då kan me gjerne gå saman både to og tre klubbar for at alle spelarane, uavhengig om dei høyrer til i Mastra, Rennesøy FK eller Finnøy, skal få eit så bra sportsleg trenings- og kamptilbod som mogeleg. Og i tillegg har me jo den store bonusen, ved at gutar og jenter på tvers av dei to nye kommunedelane i Stavanger blir betre kjent med kvarandre. Og til og med foreldregenerasjonen, smiler den utflytta siddisen som er blitt ein ekte rennesøybu med bustad midt i Vikevåg sentrum.

                -Har ivra for dette lenge

Corneliussen sine tankar og visjonar for fotballen på dei grøne øyane i Ryfylke, lyder som søt musikk i fotballformann Erik Torger Flesjå-Johansen sine fotballøyrer. -Eg har allereie teke til orde for eit samarbeid når det gjeld trenarutdanning. Då i første omgang utdanninga som kvalifiserer til å få status som Grasrottrenar. I tillegg har me hatt interne privatkampar for den såkalla "Ivrig-gjengen" vår. Dette er unge spelarar som vil trena noko meir, og som då får eit tilbod om dette både i Rennesøy FK og Finnøy. Dette er forankra forankra i vår eigen sportsplan.Men eg ser gjerne at me på formelt grunnlag også kan få til eit utvida samarbeid som er forankra i klubb, legg Erik til.

-Og kva med Mastra?

-Der har me alt hatt eit godt samarbeid i ungdomsfotballen i nokre år, ved at spelarar som har hatt eit mangelfullt tilbod i Finnøy har spela på lag i Mastra. Det har eg som fotballformann i Finnøy oppfordra spelarane til. Dette har me også gode erfaringar med, og særleg dei siste åra. Ja, me ser faktisk no at spelarar som har vore eit par år i Mastra trivest så godt der at dei per i dag ikkje vil tilbake til Finnøy . Det må me berre gi Mastra ros for, fordi dei kan gi eit langt betre tilbod enn det me kan gi. Mest fordi dei har lagt mykje arbeid ned i å bli sertifisert som ein Kvalitetsklubb etter klare og tydeleg krav og normer frå NFF, Rogaland. Det gjennomsyrer arbeidet i heile klubben.Og så er dei nok også ein betydeleg større klubb en vår.Det gir dei nok også eit betre utgangspunkt, presisere Flesjå-Johansen.

Per i dag gir i all hovudsak Rennesøy FK tilbod fram til borna byrjar på ungdomsskulen på Mosterøy, og dermed fram til dei skal over i ungdomsfotballen og spela 9-ar eller 11-ar fotball. Men også her er dette litt avhengig av om klubben gir eit bra nok sportsleg tilbod. Eller kanskje aller mest og jentene eller gutane sjølv vil det. Det har mellom anna resultert i at Rennesøy FK framleis har ei stor gruppe 13 år gamle jenter som gjer det veldig bra sportsleg. Og ikkje overraskande kanskje, då sjølvsagt med Christer som trenarfar og den store ressurspersonen rundt laget, slik det ofte blir på mangt eit aldersbestemt fotballag. Og etter ein litt turbulent start og oppretting av Rennesøy FK, erkjenner no sentrale personane i begge dei to klubbane Mastra og Rennesøy FK ovanfor Øyposten at dei har funne si rolle, og samarbeider i all hovudsak godt slik gode naboar skal gjera, og sjølvsagt fotballen og det reint sportslege i sentrum.