Dag Mossige (Ap), gruppeleiar i Stavanger Ap i kommunestyret.

STAVANGER:

Saka var oppe i arbeidsutvalet til formannskapet tysdag, utan at det blei ein reell debatt. Den kjem først i formannskapet på torsdag.,

Men Aps Dag Mossige påpeika at forslaget vil ha "betydelige budsjettmessige konsekvenser", som han lurte på korleis forslagsstillarane hadde tenkt å finansiera. Det var KrFs Henrik Halleland som fremja forslaget på vegne av Høyre og KrF.

FnBs Frode Myrhol signaliserte at han kjem til å støtta kommunedirektøren sitt forslag som går ut på å fylgja opplegget frå Statens vegvesen som inneber at saka må til fylket og Stortinget for godkjenning, før arbeidet med å sikra den farlege vegstrekninga gjennom Vikekleiva. Prosjektet blei i fjor kostnadsrekna til 30 millionar, og 25 millionar av dette skal betalast med bompengar frå Finnfast, mens fylkeskommunen skal ta resten, er forslaget frå Statens vegvesen.

Henrik Halleland svara at opplegget frå KrF og Høyre er at Stavanger kommune legg pengane for gang- og sykkelvegen inn i kommunen sitt budsjett for nesteår, med tilbakebetaling frå bomnpengar og fylket i 2023. På den måten vil dei to partia sikra at bygginga kjem i gang så snart som mulig, utan å venta på ja frå Stortinget.

Både Frode Myrhol og Leif Arne Moi Nilsen (frp) var skeptisk til om samferdselsdepartementet ville seia ja til å bruka bompengane frå Finnfast på dette, og Moi Nilsen kunne også opplysa at Frp i sitt alternative fylkesbudsjett hadde lagt inn at fylket skulle ta heile rekninga.

-Dette er ein fylkeskommunal vei. Dessutan er det bygd ny ferjekai, utan at fylket har ordna opp, sa Moi Nilsen.