"Fjordfart" blir sett inn i ruta etter grunnstøytinga.

FINNØY/STAVANGER: -Dette kom fram då samferdselsutvalget i dag fekk ei orientering om korleis den nye utrekningsmodellen, og kriteriane for tildeling av støtte til hurtigbåttrafikken vil slå ut for finansieringa av hurtigbåttrafiiken fylket. Høyringssaka kjem opp på neste møte i fylkesutvalet, og der vil det også bli lagt føringar for om ein nå skal setja det varsla arbeidet med å endra på rutestrukturen i Ryfylke bero inntil vidare.,Dei føreløpige utrekningane viser nemleg at det dramtiske kuttet i overføringar på omlag 40 millionar kroner, vil bli redusert med 17,6 millionar med den nye utrekningsmodellen.,Det var dette som også var utgangspunktet for at representanten Ueland hadde bede administrasjonen om ei orientering i saka.,-Eg har registret at det nå er ein viss bevegelse hjå sentrale politikarar, og at dei kanskje nå viser vilje til å sjå på dette på nytt. Tidlegare har alle, uavhengig av partitilhørighet,  vist liten vilje til å endra på dette. Det er difor eg nå trur at det kanskje kan vera fornuftig å ta ein fot i bakken i påvente av ei endeleg avklaring på korleis den endelege finansieringsmodellen blir, understreka han.,- Eg ser at ei slik problemstilling må me ta opp etter det komande møte i Fylkesutvalet, og deretter på neste møte i arbeidsgruppa som ser på heile rutestrukturen, konkluderte utvalgsleiar Alexander R. Raustein frå Miljøpartiet Dei Grøne.,Fylkesrådmennen er i utgangspunktet skeptisk til å setja dette arbeidet i bero. Detet fordi nye samferdselsprosjekt som både Finnfast og Ryfast har endra reisemønsterer i Ryfylket, og såleis gir grunnlag for både innsparingar og endringar i rutemønsteret, uavhengig av dette.