Hotelldirektør Tor Gunnar Solvang tv, Robert Raustein og Åse Risvold har hatt suksess ved Utstein Kloster Hotel er ikkje direkte bekymra over julesesongen, men ventar på betre tider. Bilete er tatt i ein annan samanheng.

Av: Jon Asgaut Flesjå,

MOSTERØY: -Me har hatt eit besøkstal som ligg langt over det me hadde forventa, opplyser hotelldirektør Tor Gunnar Solvang.

Øyposten møter ein smilande direktør som tek imot oss i sofakroken inne i den innbydane og splitter  lyse hotelfoajeen i sjøkanten ved Finnestadbukta, like ved brua over til Klosterøy. Heile 23 millionar kroner er investert i eit omfattande restaureringsarbeid i ein første fase.

Kultur, historie og naturopplevingar

-På eigarsida er også mosterøybuen Cato Østerhus komen inn som ein viktig og ressursterk medeigar, som har klare tankar og visjonar for drifta og utviklinga av hotellkonseptet vårt vidare, skryt Solvang.

,-

Og i det konseptet inngår også replikaen «Restauration» som nå endeleg kan leggja til kai på Mosterøy og i Ryfylke?

-

Ja, det er ein del av heile konseptet vårt som me har planar om å vidareutvikla. Då gjerne også i samband med eit 2. byggetrinn,opplyser Solvang.,

Og det er mykje historie ,kultur, opplevingar og ikkje minst turmuligheiter knyta til området rundt både sjølve Utstein Kloster,Klosterøy og ikkje minst til sjølve øya Fjøløy like sørvest for hotellet.

-Det er nok akkurat dette som me har hatt stor drahjelp av her ved hotellet i form av høge besøkstal nå i sommar og haust. Noko også sjølve restaurantdrifta har dratt stor nytte av gjennom store besøkstal og betydeleg omsetnad, legg salg- og markedsansvarleg, Åse Risvold til.

Ho har tru på at akkurat dette opplevingskonseptet kan utnyttast vidare, også på kommersiell basis.

-For her ligg det svært store og spennande mulegheiter i form av opplevingar knyta til både natur, kultur og historie, seier ein optimistisk «marknadssjef», som byrja i stillinga like før opninga nå i vår. Ho trur at akkurat eit slik konsept, som deira hotell og reiselivsanlegg nå kan tilby, er «in i tida» som aldri før.

                                         Utfordrande haust og vinter

Men sjølv om det nyrenoverte hotellet fekk ein «flying start» på grunn av koronakrisa, ved at folk flest i all hovudsak har feriert i Norge dette året, så er hotelldirektøren spent på kva førjulstida og vinteren vil bringa i desse unntakstider. For også Utstein Kloster Hotell hadde store planar for julebordsesongen, og er spent på kva både besøkstala no før jul, og ikkje minst på nyåret vil bringa.

-Dei store koneferansane og liknade arrangemnet er nok i all hovudsak borte, og bedrifter har gjerne enkle og mindre samlingar her enno. Det er likevel viktig å poengtera at det framleis er lov å arrangera julebord under det gjeldane smittevernregimet, poengterer Solvang.

-Difor håpar eg at både lokale og regionale firma, og gjerne vennegrupper også, brukar oss i eit slikt omfang som smittevernreglane tillet. For eg håpar inderleg at folk ikkje bokstaveleg talt tek stasministeren  på ordet, når ho på TV sa at «Folk bør halda seg heime». Slik er det faktisk ikkje , og me er på ingen måte pålagt å stengja ned .Og me har verkeleg lagt til rette for at folk skal føla seg trygge. Difor kan me så absolutt  ta imot mange små grupper av julebordsgjester som gjerne vil ut å ha seg ein betre middag nå før jul . Så det er berre å ta kontakt, reklamerer hotelldirektøren.

-For nå er det viktigare enn noko gong før at folk støttar opp om det lokale og regionale reiselivet og hotellbransjen, og ser verdien av dette. Det kjem trass alt dagar også etter at denne pandemien er over. Då er det viktig at flest mogeleg av oss lokale reiselivsbedrifter igjen står klar, avslutta hotelldirektøren og gjesdalbuen, Tor Gunnar Solvang.