Rådyrbestanden på Askje har teke overhand. (Ill. foto)|Viltforvaltar Vegard Ankarstrand i Stavanger kommune.

RENNESØY:

På Mosterøy blei det gitt løyve til ein kraftig auke av rådyr i år. I den nye forvaltningsplanen for Stavanger kommune er det også foreslått å redusera arealet bak kvart rådyrløyve frå 500 dekar ned til 300.,

-Det er alt for mange rådyr på Aske, og me ynskjer difor å få ned talet på dyr. Det er ikkje minst viktig av hensyn til trafikksikkerheten, seier Ankarstrand.

I sommar skjedde det til dømes ei ulukke på Mosterøy kor ein motorsyklist blei lettar skadd etter å ha kollidert med eit rådyr som hoppa ut i vegen framfor sykkelen. Ulukka skjedde tidleg om morgonen.