"Bjørg på biblioteket", Bjørg Kristin Helland Bø, takkar for seg.

RENNESØY

: Sist laurdag blei ho feira med kaker og kaffi, og i dag, onsdag har ho sin siste arbeidsdag.,

-46 år er lang tid, og det kjennes ekstra lenge ut når eg tenker tilbake på tida då eg pakka familiebilen, ein blå Renault 12, full med bøker, og reiste med ferja frå Vikevåg til Sokn, Bru og Åmøy. Eg besøkte skular og barnehagar, og folk møtte meg langs vegen utanfor husa sine. I dag høyres det ut som ei anna verd.

Fryktar for biblioteket

No når Bjørg Kristin sluttar er det mange i Rennesøy som er bekymra for biblioteket si framtid. Etter kommunesamanslåinga for eit snautt år sidan kom forslaget om å kutta ein halv stilling, og samstundes flytta biblioteket ut av sentrum, til det gamle kommunehuset som skal rivast. Eit forslag som ikkje har gått upåakta hen. I tillegg gjekk stillinga hennar ifrå å vera biblioteksjef på Rennesøy til å bli rådgjevar/koordinator for Sølvberget bibliotek i Stavanger. Stillinga hennar er heller ikkje utlyst på nytt.

-Me blei lova at biblioteka på Rennesøy og Finnøy skulle sparast, men det ser ikkje så lovande ut for Rennesøy sin del.

På eit tidspunkt var det fire eigne bibliotek på Mosterøy, Vikevåg, Sørbø og Østhusvik.

Tidelgare i haust, tok nokre eldsjeler, blant dei Bjørg Kristin, initiativ til eit opprop om å la biblioteket få fortsetta å leva i Meieriet. Meir enn 600 underskrifter er så langt samla inn.  Dei krev og at det bibliotekfaglege og formidlingsmessige arbeidet ikkje vert svekka gjennom reduksjon av talet på årsverk på biblioteket.

-Eg har funne fram ein artikkel i Stavanger Aftenblad ifrå 1996 som blei skriven i samband me flyttinga av biblioteket frå kommunehuset og ned hit til Meieriet. Det var dåverande kultursjef Grete Lamberg som uttrykte glede over at biblioteket endeleg skulle få flytta ifrå dei kummerlege kåra i kommunehuset. Og sjå kor biblioteket er tenkt å flytta no, i 2020 – opp igjen i dei kummerlege kåra

Eit mangfaldig bibliotek

Tal frå seinare år viser at utlånet av fysiske bøker har gått ned ved alle landets bibliotek, og at stadig færre bruker biblioteket, spesielt ungdom.

-Kanskje betyr det at biblioteket ikkje har livets rett?

-Eg er overbevist om at biblioteket har livets rett, men i ei anna form. Digitaliseringa av samfunnet har endra måten me lever på, og det gjeld også i bruken av biblioteket. Det er for lengst slutt på tida då folk kom til biblioteket ein gong i månaden og fylte ein bærepose med bøker. Stadig fleire høyrer lydbøker. Gjennom ein duppeditt i øyre, har ein i dag tilgang til alt ein vil. Mange lånarar har lasta ned bibliofilappen som gjer det unødvendig å komma til biblioteket for å låna bøker. Ingen treng lenger å oppsøka biblioteket viss det berre er for å låna bøker. Det skjer like naturleg ifrå sofakroken heime. Men biblioteket kan bli så mykje meir.

-Som kva då?

-Ein viktig ting er at me treng biblioteket som møteplass i lokalmiljøet, spesielt for den oppveksande generasjonen. Så tidleg som mogleg bør born og unge bli kjent med biblioteket, ikkje alle får det heime. Biblioteket er ein viktig kunnskapsarena, informasjonsinstans og kulturberar. I fjor var 13 000 innom her, langt ifrå alle lånte bøker.

Eg tenker heller det er innbyggartorget me ikkje treng, det er langt på veg to sider av same sak. Biblioteket har fungert som eit innbyggartorg i Rennesøy i alle år. Biblioteket gjer, har gjort og kan gjera, mykje av dei same oppgåvene som er underlagt innbyggartorget.

Biblioteket i sentrum

Eg meiner Sølvberget må ta over Meieriet og fylla det med innhald slik som kino, kafé, bibliotek og andre ting som høyrer heime i eit moderne kulturhus. I 30 år har politikarane i Rennesøy jobba med planar for Vikevåg sentrum. Planlegginga må byrja med utgangspunkt i hjarte av sentrum, og ta utviklinga vidare derifrå. Og det er her eg ser føre meg eit mini- Sølvberg, i Meieriet som er den best eigna staden, og den einaste kommunale bygninga med kultur i veggene, avsluttar Bjørg Kristin Helland Bø.