FINNØY: -

Me tok eit initiativ ovanfor skulane om dei ville vera med å gjera ein jobb her i Finnøy, opplyser Ragnhild Valand i Finnøy Frivillighetssentral. -Men av praktiske grunnar, og særleg på grunn av den utfordrande koronasituasjonen der skulane i kommunen nå er på raudt nivå, let dette seg ikkje gjera nå.,Mette Lise Bakkaved Finnøy Sentralskule, bekreftar at elevane frå 5-10 klasse vil gjennomføra ein ryddeaksjon langs vegar og strender den 11. mai, slik det også har vore tradisjon for tidlegare ved skulen.,

Hagelaget ryddar også

-Også me i Finnøy Hagelag er oppteken av dette, opplyser leiar Rune Nåden Dyrstad. Saman med andre privatpersonar som i dag er aktive i laget, har han også sjølv vore med på å teke initiativ for å rydda plast og anna type søppel som ligg og flyt langs vegane rundt øya.

,-Torsdag  29. april mobiliserer Hagelaget igjen til ryddeaksjon. Så då håpar me at mange stiller opp og vil bidra til å samla søppel nokre kevlsdtimar. For alle me som er glad i dei flotte og grøne øyane våre, vil også at det skal sjå fint og ryddig ut rundt oss. Både i strandkanten, vegkanten og ellers der folk til vanleg ferdast, understrekar den lokale hagelagsleiaren.