For første gong hadde kyrkja julekrybbe på Judaberg-kaien i helga som var. Frå venstre Dorrit Vignes med eselet, bak i stallen ser me Reidun (t.v) og Sømjo Bråtveit mens Ane Vignes Isaksen er Maria med Jesus-barnet. Englane er frå venstre Erle Vignes Isaksen, Signe Bråtveit, Lovise Bråtveit og Gabriel Bråtveit. (Foto: Heidi Bø Sangedal)

FINNØY:

Det var både esel, englar, gjætarar og Maria med Jesus-barnet ved den heimelaga stallen som var sett opp utfor kaihuset på Judaberg.,

Bak tiltaket stod kyrkja i Finnøy og soknerådet i Hesby. Det er første gang menigheten i Hesby gir seg i kast med dette, men i fylgje Heidi Bø Sangedal på kyrkjekontoret kan det bli eit innslag i førjulstida, fleire år.

-Tilbakemeldingane me har fått er at dette blei godt motteke, seier Bør Sangedal til Øyposten.

-Kvifor gjorde de dette?

-Me ville gjera julebudskapet synleg i førjulstida, og eg fekk ideen i forbindelse med "Jul i Finnøy" som Ryfylke Livsgnist tok initiativet til, seier Heidi Bø Sangedal.

Stallen var det Jon Bråtveit og ein kamerat som hadde ansvaret for, og eselet var lånt ut frå Fiolen familiepark på Talgje.