Det er mykje søppel å finna langs strendene i Ryfylkeøyane. Foto: Arkiv

SJERNARØYANE:

Jæren friluftsråd, Ryfylke friluftsråd, Clean Shores, In the Same Boat og mange frivillige legg opp til ei storstilt strandrydding på Sjernarøyane, nærmare bestemt på Nord Talgje og i dei sørlege vikene på Kyrkjøy, laurdag.,

Ryddegjengen blir på Nodholmen mellom klokka 1100 -1400. Dei har fleire båtar med god plass til frivillige strandryddarar. Nødvendig utsyr slik som hanskar og sekker blir utlevert.

Kjenner du til område med stort omfang av marint avfall, vil dei gjerne ha tips.

Om nokon vil hoppa om bord å bli med å rydda, kan du ta kontakt med Kersti Kesper ved Ryfylke Friluftsråd på telefon 45885023, eller send mail til: kersti.kesper@ryfri.no

Tips om forsøpla område, eller spørsmål om utlevering av ryddeutstyr eller hjelp med avfallshandtering kan sendast til same telefon.

Håper å se så mange som mulig ute i fjæresonen på lørdag!

Etter endt økt samlast dugnadsgjengen på kaia til Sjernarøy Maritim klokka 14.00  for ein matbit.