Litt smøring må til for at kraftverket til Arne Rørheim på Rosså på Ombo skal virka godt. Det er det største kraftverket innanfor Stavanger kommune sine grenser.|Arne Rørheim har bygd dam på toppen der bekken begynner fallet ned mot fjorden.||||Ole Jan Naaden har to små generatorar som produserer straum frå Nådåbekken på Finnøy.|||Ved god vannføring, slik som nå, produserer kraftverket på Finnøy 10 kilowatt.|

FINNØY: På Rosså på Ombo brusar bekken skumkvit nedover mot fjorden. Det har regna godt i det siste, og vassføringa er på topp. Nede ved fjorden sviv kraftturbinen for fullt, og produserer det som i øyeblikket er eit godt betalt vare: elektrisk kraft.,

Eigaren av kraftverket, Arne Rørheim, tek gjerne Øyposten med på ei omvising. Kraftverket stod ferdig hausten 2004, og produserer 99 kilowatt i timen. Ifølge forståsegpåarar skal det tilsvara eit normalt forbruk i 15-20 eineboligar.

Sel til Lyse

Krafta som blir produsert, sel Rørheim til Lyse til ein pris opp mot spotprisen. I dag er det god forretning, men Arne Rørheim er ein nøktern person som ikkje let seg riva med av gullkanta tider i kraftbransjen.

Arne Rørheim har bygd dam på toppen der bekken begynner fallet ned mot fjorden. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Økonomien er heilt grei. Akkurat nå er det gode inntekter, men kraftverket har ikkje vore noko gullgruve, seier Rørheim.

For prisane har ikkje alltid vore som i dag. For eit par år sidan stengde han kraftverket i fire-fem månadar, for då var prisen på kraft nærast null. Dessutan er det stadig vedlikehald, som også kostar pengar. Til dømes blir lagra i turbinen slitne ut mykje fortare enn rekna med.

-Men eg angrar ikkje på at eg bygde kraftverket, det er kjekt å ha, smiler han han.

-Du får vel nokre kommentarar nå når straumen er så dyr?

-Ja, det er klart, det vil alltid vera noko som har ein kommentar på lur, seier han.

Rørheim har den store fordelen at han eig området som bekken går gjennom. Dermed hadde han bare seg sjølv å ta hensyn til. Fallhøgda er på 160 meter, og det er støypt demning i bekken for inntaket.

Det var då han la ut eit hyttefelt i området, og bygde veg dit, at det blei fart i planane om kraftverket. Røyren ned til kraftverket ordna Finnøy Rør, men elles har Rørheim lagt ned ein stor eigeninnsats for å få kraftverket bygd.

Har kraftverk i Finnøy-bekk

Også på i Nådåbekken på flate Finnøy står det eit lite kraftverk som durar og sviv når det er vassføring nok i bekken.

Ole Jan Naaden har to små generatorar som produserer straum frå Nådåbekken på Finnøy. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Det er ikkje alltid, forklarer Ole Jan Naaden, som bygde kraftverket saman med naboen.

-Om sommaren er det som regel for lite vatn i bekken. Då må eg stoppa det, for då trekkjer aggregata straum i staden for å produsera, seier Naaden.

Kraftverket har ei fallhøgd på bare 33 meter, og produserer 10 kilowatt i timen med god vassføring. Det vesle bygget i enden av «røyrgata» har plass til fire små generatorar, og straumen som blir produsert går til eige forbruk.

-Eg fekk ideen til kraftverket etter å ha lese ein artikkel i tidsskriftet «Betre gårdsdrift», minnest finnøybuen.

Stor eigeninnsats

Saman med naboen investerte han 300.000 kroner i kraftverket, og ein betydeleg eigeninnsats.

-Det var spennande å prøva det ut, det var nok hovudårsaka til at me gjekk i gong, Men viss det skulle svara seg «bitte litt», måtte me gjera mykje sjølv, seier Naaden, som i dag tur det ville vore enklare å satsa på solkraft.

Ved god vannføring, slik som nå, produserer kraftverket på Finnøy 10 kilowatt. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Ulempen er at det er mest sol om sommaren, legg han til.

-Det er vel fint å ha eige kraftverk nå når straumen er så dyr?

-Me prøver å spara på straumen me og, og i vinter fyrte er for første gong på mange år med ved, seier Ole Jan Naaden, som i desember fekk ein straumrekning på for boligen på rundt 2000 kroner.