Meteorolgisk Institutt legg om vêrvarslinga.

VÊR:

Dersom regnvêret varer meir enn 24 timar, vil MET tilpasse farevarslinga til den mest intense perioden eller til slutten av regnepisoden, fortel statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Meteorologisk institutt.,

Innanfor 24-timars-perioden vil MET i farevarslinga konsentrere seg om 6, 12 og 24 timar. Før vart det også sendt ut farevarsel om regn for to og tre døgn, når det venta regnet i prognosane var venta å overstige ein definert terskelverdi.

Det er fleire grunnar til at farevarslinga av to- og tredøgns nedbør vert avslutta, fortel Fagerlid.

– Ved langvarig regn er flaum og ulike typar skred dei dominerande og vanlegaste konsekvensane. Her er det NVE som har ansvar for varsling og forvalting. Vi har tett kontakt og MET gir innspel til NVE i deira vurdering av flaum- og skredvarsel.

Når nedbøren ikkje er svært intens, som i styrtregn, men kjem som jamt regnvêr, oppstår konsekvensane som regel mot slutten av nedbørepisoden.

– Med den nye rutinen unngår vi også at det ligg ute farevarsel om regn i opphaldsperiodar i varselperioden. Det har vore vanskeleg å unngå når vi har varsla to- og tredøgnsnedbør, seier Fagerlid.

Han håpar at det nye grepet vil gjere det enklare for beredskapsaktørane å utnytte og spisse tilgjengelege ressursar på ein best mogleg måte. Farevarsel for regn blir sendt ut slik at ein kan iverksette tiltak mot overvatn.