STAVANGER: Kvar sommar dukkar dei opp. Dei nydelegaste blomsterbeda som park- og naturseksjonen sett ut på forskjellige offentlege stader i byen. Det må vera alle hobbygartnarar sin store draum.

Gir ut plantelistene

Kanskje er bedet i rundkøyringa ved teateret det aller finaste?

Det er liksom det «alle» snakkar om. Og kvart år er beplantinga endå finare enn året før. Det er lett å sjå føre seg at her må det vera mange nesten-ulukker.

Du har sikkert tenkt Men korleis skal «vanlege folk» få til det?

På direkte oppfordring gir kommunen deg no oppskrifta.

Vi får mange spørsmål og henvendelser om blomstene som park- og naturseksjonen i kommunen setter ut. Her finner dere en oversikt over hvilke planter som står hvor.

Siri Kalvig roste kommunen si blomsterpynting ved Ledaal nyleg. På facebookprofilen sin skreiv ho blant anna dette:

- Fantastisk jobb av Stavanger kommune med alle de nydelige blomstrene nå på offentlige plasser.

Så kom ho med følgjande forslag:

- Kunne ikke stavanger kommune lagt ut planteoversikt og tips slik at vi hageinteresserte innbyggere kunne prøvd å kopiere mesterverkene både på Ledaal og ved teateret…?

Kommunen tok Kalvig på ordet, og har no lagt ut på heimesida bilete av dei forskjellige samanplantingane rundt i byen og laga ei liste over kva som er planta kor.

For ein god idè.