Finnøybu med svin på skogen

Tore Sevheim og kona Torill Stavenes var på bryllaupsferie i Hong Kong då dei tok avgjersla om å venda livet i hovudstaden ryggen for å bli grisebønder på Radøy utanfor Bergen.

Publisert: Publisert:
Lukka er eit gjørmebad.

Av Hjørdis Halleland Mikalsen

Grisebonde og grisebonde fru Blom. Det er vel kanskje å ta litt hardt i, smiler 37-åringen frå Sevheim på Finnøy.
For to år sidan gjorde Tore og Torill det mange tenkjer på, men ikkje vågar. Dei flytta frå ei lita leilegheit på Grünerløkka i Oslo for å leve ut småbruksdraumen.

-Me gjekk inn på Finn.no, plotta inn «småbruk med pendlaravstand til Bergen» i søkarfeltet, seier Tore.

Det er dei ikkje aleine om. Ordet «småbruk» er eit av dei mest søkte orda på Finn.no. Men for mange blir det berre med draumen. Også Tore og Torill vurderte lenge fram og tilbake. Skal, skal ikkje. Men på bryllaupsreisa bestemde dei seg. Det var no eller aldri. Det blei no.

Blid bonde på Radøy.

Godt, men ikkje enkelt

Garden ligg mellom Kviste og Manger med vakker utsikt over fjorden. Køyreturen til Bergen tek omtrent tre kvarter. Her lever det unge paret det gode og enkle liv på landet samen med den vesle sonen Åsmund.

-Godt, ja, men ikkje enkelt, seier Tore.

På ein vakker vårdag er det rein i dyll. Men når ein må ut i vind og loddrett regn ein kald og utriveleg vintermorgon før jobb, og vassa i gjørme og søle med 25 kilo fôr på ryggen, ja, då hender det nok at dei lengtar bitte litt tilbake til Grünerløkka.

-Ja, det er ikkje fritt. Men me har aldri tvila på avgjersla, me stortrivst her, seier Tore.

På Radøy har dei god kontakt med dyra sine. Her har Torill og ein av villsauene eit nært augneblink.

Ungarsk ullgris

Det var mykje å setje fingrane i for Tore og Torill. Garden hadde ikkje vore i drift på mange år, det var mykje kratt og småskog. Også husa trong mykje kjærleik. Våningshuset var det første dei gjekk laus på. Det måtte totalrenoverast.

-Me er langt frå ferdige med huset, men me er godt i gang. For å seie det sånn; me har i alle fall straum i dei fleste romma, smiler han.
På småbruket har dei 20 høner, 12 villsauer og 15 store svin av typen ungarsk ullgris som veg opptil 250 kilo.

-Kvifor akkurat ullgris?

-Det at dei klarer seg ute året rundt var avgjerande. Dei har eit tjukt lag med spekk som gjer at dei kan vere ute i minusgrader. I tillegg er dei kjende for å vere gode på smak og har mange naturlege instinkt, forklarer Tore.

Varmen er faktisk eit større problem for ullgrisen enn kulda, men då er lukka ein kjølande søledam å grave seg ned i.

-Me er opptekne av å drive berekraftig. Dyra skal få leve eit mest mogleg naturleg liv, seier Tore.

For her snakkar me lykkelege og frittgåande gisar. Dei har eit lite hus dei kan gå inn i, men stort ser er dei ute i det fri. Dei får også gå i skog og hei, og likar seg best når dei finn ei myr å velte seg i.

- Grisane er med på å halde kulturlandskapet nede. Dessutan er dei effektive plogar. Etter at dei har fått herje som dei vil på eit stykke jord er det fritt for røter og ugras. Då er det berre å setta poteter, seier Tore og fortel at grisane har fått kongelege namn, ein råne heiter Harald og ei purke heiter Meghan.

Garden hadde ikkje vore i drift på mange år, det var mykje kratt og småskog. Også husa trong mykje kjærleik. Det unge paret har gjort ein god del, men har framleis mykje igjen.

Bacon-Tore

Interessa for dyr og gardsdrift er noko Tore har hatt med seg sidan barndomen. Han vaks opp som yngst av tre sysken på Sevheim. I dag er det systera Gro som driv garden på Finnøy.

Tore er lidenskapeleg oppteken av mat og foredling. Så er han også matmeldar i Bergens Tidende, kor han òg jobbar på papirdesken.

-Eg er nok litt over gjennomsnittet oppteken av det som har med mat å gjere, ja, seier Tore Sevheim som foredlar grisane sine. Han har investert i eit røykeskap. Bacon er ein favoritt.

- Ja, eg har alltid vore veldig glad i det.

- Det ryktes at du har fått kallenamnet Bacon-Tore?

- Ja, kall meg gjerne det, seier Tore og ler.

Mat skal dei ha. Bacon-Tore i full sving med fôring.
  1. Mat