STAVANGER: Det blei ein frisk diskusjon rundt utvidinga av skulematordninga til mellom anna skulane i Finnøy og Rennesøy i utvalet for oppvekst og utdanning onsdag.

KrFs Marie Ljones Brekke peika på at kommunane ikkje er pålagt i lova å tilby gratis skulemat, og ville heller ha ei nasjonal ordning for dette.

-Eg vil heller ha ein ekstra lærar i klasserommet enn at Stavanger skal ta på seg oppgåver som ikkje er lovpålagt, argumenterte Brekke, som sjølv innrømma at ho ofte hadde gått svolten på skulen fordi ho ikkje laga mat til seg sjølv, slik foreldra hennar ynskte.

-Det er klart at det går ut over læringa viss du ikkje har mat i magen, sa Brekke.

Kostar 86 millionar kroner

Venstres Hege Eriksen Nordbøe Foto: Privat

KrFs representant var med andre ord ikkje mot gratis skulemat, men meinte dette var ei statleg oppgåve.

Venstres Hege Eriksen Nordbøe refrerte til sinte lærarar som delte biltete av koss rotetet det ser ut etter at elevane har fått gratis skulelunsj, og sure miljøarbeidarar som får oppgåver som dei ikkje har tid til å gjera.

Høyre, Venstre og KrF hadde rekna ut at gratis skulemat på alle skulane ville kosta 86 millionar kroner, og ville heller at skulane sjølv skulle avgjera koss pengane skulle brukast.

Leiar i utvalet, Eirik Faret Sakariassen hevda at opposisjonen konstruerte ei «falsk motsetning» når dei hevda at skulematen går ut over kvaliteten i skulen.

-Me har heva skulebudsjettet med 100 millionar, påpeika Sakariassen, som også korrigerte talet for kor mykje skulematordninga kosta.

Kutt i eigedomsskatten

Øyvind Jacobsen (ap) Foto: Antonia Kvalsvik

Beløpet er vel 20 millionar kroner for 22 skular, 86 millionar må åpenbart vera feil, meinte han.

På spørsmål om fleirtalspartia ville utvida skulematen til alle skulane i kommunen, slo Aps Øyvind Jacobsen fast ei «rungande ja». Han kunne også opplysa at Rogaland Ap har spelt inn satsing på skulemat til Ap-landmøtet.

-Det er eit dyrt prosjekt, og difor tek me skule for skule, sa Jacobsen og håpa at regjeringa kjem etter og dekkar gratis skulemat slik dei har gjort med SFO.

Han viste også til at Høyre, Venstre, KrF og Frp i sitt forslag til kommunebudsjett vil kutta ut eigedomsskatten, som vil kosta kommunen 300 millionar kroner.

-Då vil mulightene til gratis skulemat, gratis SFO og gratis tannhelse fort forsvinna, hevda Jacobsen, som la til at gratis skulemat bare kosta ein tredjedel av kva opposisjonen ville kutta i eigedomsskatten.

Resultatet blei at fleirtalspartia røysta for å utvida skulematordninga til 13 nye skulear, mellom anna skular i Finnøy og Rennesøy, mens Høyre, Venstre, KrF og Frp ikkje støtta forslaget.

Saka går nå vidare til formannskapet, og kommunedirektøren blir bedt om å klargjera kor mykje utvidinga av gratis skulemat vil kosta.