Bedrifter får dekka 25 prosent av straumrekninga over 70 øre per kwt

Regjeringa la i dag fram forslag om straumstøtte til næringslivet. Forslaget går mellom anna ut på å dekka 25 prosent av kostnadane ved ein straumpris som er over 70 øre per kilowattime.

Publisert: Publisert:

DYR STRAUM: Støtta vile vara ut dette året. Etter nyttår skal bedriftene over på fastprisavtalar. Taket på støtta er 500.000 euro per bedrift, noko som er fastslått i EU-reglementet.

Derssutan vil det vera mulighet for støtte til å kartleggja tiltak for meir effektiv energiutnytting. Tilskotet vil vera opp mot 50 prosent av kostnadane, og i tillegg vil det vera ei ordning med kriselån for bedrifter råka av høge straumprisar.

Ordninga gjeld for bedrifter med eit straumforbruk som utgjer minst tre prosent av utgiftene.