-Avtalen med Rennesøy er overoppfyllt
Rune Askeland (mdg) avviser at vedtaket om utbygging i Vikevåg er eit løftebrot i forhold til avtalen då Rennesøy gjekk med i den nye kommunen.
STAVANGER: Frp-politikar Tor Bernhard Harestad frå Bru meiner vedtaket om utbygging i Vikevåg er eit løftebrot i forhold til avtalen som var med Rennesøy då kommunen gjekk saman med Finnøy og Stavanger i den nye kommunen.
-Der blei me lova eit større nybygg på kaien, ikkje eit lite minibygg, som det nå er snakk om, seier Frp-politikaren.
Men dette blir avvist av leiaren av utvalet for miljø og utbygging, Rune Askeland (mdg). Utvalet vedtok onsdag å rehabilitera meieriet, riva kaihuset og byggja nybygg der på 1400 kvadratmeter. Saka skal vidare til formannskapet.
-I avtalen står det bare «nytt bygg» på kaien, seier Askeland til Øyposten.
Enorm satsing
Han meiner at det er ei «enorm satsing» som nå er vedtatt i Vikevåg.
-Viss det skulle blitt bygd eit tilsvarande bygg i bydelen Eiganes og Våland, ville det kosta fire milliardar tatt folketalet i betraktning, meiner Askeland.
Han meiner også at ingen av partia har signalisert at dei vil ha eit større bygg enn det som nå blei vedteke.
-Men kommunedelsutvalet vedtok ein kombinasjon av alkternativ A og B, og i alternativ B blir det foreslått eit bygg på 4000–5000 kvadrat, mens vedtaket går på eit nybygg på 1400 kvadrat.
-Kommunedirektøren har konkretisert vedtaket i kommunedelsutvalet til alternativ D, og også vore i kontakt med kommunedelsutvalet. Vedtaket er i forståelse med vedtaket der. Viss me hadde gått for eit stort bygg, ville det ikkje bli tatt eit spadetak i Vikevåg før om minst eit år. Nå kan me koma raskt i gang med meieriet, seier Askeland.
Han meiner også at avtalen med Rennesøy nå er «overoppfyllt», på den måten at kommunen brukar mnykje meir pengar på Vikevåg enn det som var tenkt.
Enig med Harestad
-I følge avtalen skal byggekostnadane for ein stor del dekka utgiftene til nybygget. Men kommunen opplyser at salg av kommunehuset og andre bygg bare vil innbringa 27 millionar kroner, mens me satsar 168 millionar i Vikevåg, påpeikar Askeland.
Leiar i kommunedelsutvalet, Terje Øvrebø (sp) er likevel langt på veg enig med Tor Bernhard Harestad.
-Eg har heile tida kjempa for eit større bygg. Det treng med, når kommunehuset blir rive. Men me fekk ikkje dei andre med på det. I forhandlingar må me ta og gi, seier Øvrebø til Øyposten.