STAVANGER: Bruken av overskotet i Finnfast, 20 millionar kroner, skal opp i samferdselsutvalet neste veke.

Der blir det tilrådd at at pengane blir brukt til gang- og sykkelvegen mellom Fåhadlet og Nådå, gjennom dei farlege Vikekleivane.

Prislappen på prosjektet er nå komen opp i 50 millionar kroner, og fylket føreset at Stavanger kommune løyver 15 millionar kroner, slik kommunen har lova. Resten skal fylkeskommunen dekka.

Byggestart tidlegast 2024

Byggestart kan tidlegast bli i 2024, heiter det i sakspapira.

Krf’s Henrik Halleland reagerer på at planane om kraftkabel ikkje er nemnt eksplisitt i forslaget, men på spørsmål frå Øyposten forsikrar samferdselssjefen om at det er kontakt mellom fylket, Lnett og Stavanger kommune om å sjå på ei slik løysing.

«Vi har vært, og er fortsatt i dialog med Lnett og kommune, og jobber med å samkjøre prosjektene», skriver samferdselssjefen i ei SMS-melding.

Fylket forslår å bruka overskotetet i Finnfast her. Foto: Arkiv

Halleland spør ordføraren

Krfs Henrik Halleland stussar like vel på kvifor ikkje planane om å leggja den nye kraftforbindelsen i traseen til gang- og sykkelvegen ikkje er omtalt i sakspapira.

Halleland tek saka opp som spørsmål til ordføraren i kommunestyret førstkomande måndag.

  1. Vil ordføreren ta kontakt med Rogaland Fylkeskommune for å avklare kvifor det ikkje er utgreia bygging i same trasè?

  2. Dette prosjektet har heile tida omtalt som gong-og sykkelsti Judaberg Reilstad. Kva er årsakene til at prosjektet no berre er til Nådå?

Krf-politikaren viser til at det i samband med kommunens tertialrapporten i vår blei det vedteke utgreiing av gong- og sykkelsti og samkøyring med utbygging av høgspent .

-Eg stussar på at dette bare så vidt er nemnt i sakspapira til samferdselspolitikarane. Eg lurer på om det er fordi fylkeskommunen ikkje finn at eit fellesprosjekt med Lnett ikkje er viktig nok. Me må hugsa på at 98 prosent av finnøybuen skreiv under mot master over øya, noko som viser kor viktig dette er for Finnøy, påpeikar Halleland.

-Kva håpar du at ordføraren vil gjera?

Håpar ordføraren tek kontakt

-Denne saka skal opp i samferdselsutvalet i fylket neste onsdag, mens kommunestyret i Stavanger er på måndag. Eg håpar ordføraren tek kontakt med fylket og får denne saka inn igjen på rett spor.

-Viss vedtaket blir ståande slik det er foreslått, kva skjer då?

-Då fryktar eg at det bare blir bygd ein gang og sykkelveg mellom Judaberg og Nådå, utan kraftkabel. Dessutan har det heile tida vore snakk om ein gang og sykkelveg heilt til Reilstad, og ikkje bare til Nådå. Her vil eit samarbeidsprosjekt med Lnett kunna løysa det også, og åpna for utbygging i Reilstad-området, seier Henrik Halleland.