FINNØY: Ap-politikar Jon Olav Runestad slo i Øyposten sist veke fast at ei full utbygging av Øyfast ikkje ville vera realistisk. Det ville vera å kasta blår i augene på folk, meinte han, og tok til orde for at det må tenkjast nytt om prosjektet.

Øyposten har lufta utspelet for dei som har vore engasjert i prosjektet, og oppfatninga er at det er for tidleg å avlysa ei fullskala utbygging.

Henrik Halleland. Foto: Privat

-Eg er ikkje enig med Runestad, seier Henrik Halleland (krf).

-Drifta av ferje vil kosta seks milliardar dei neste 40 åra, og kostnadane blir venteleg endå større når ferjene nå er blitt gratis. Å splitta opp prosjektet vil dessutan øydeleggja for den breie enigheten om Øyfast som hittil har vore, meiner Halleland.

-Men er det pengar nok til prosjektet?

-Det er eit spørsmål om politisk vilje. Momsen, som staten skal ha utgjer til dømes 25 prosent. Arbeidet for Øyfast må ikkje stoppa opp, meiner Krf’aren.

Dynamitt

Daniel Nedrebø understrekar at å snakka om oppdeling av prosjektet er «dynamitt».

-Eg oppfattar Runestad sitt utspel som eit forsøk på å vekkja folk til meir engasjement for prosjektet. Eg hadde håpa på eit samla vedtak om Øyfast, og deretter kunne me snakka om kva prosjekt som skulle koma først. Viss eg var egoist ville eg peika på tunnelen til Sjernarøy som den mest realistiske, men det er eg ikkje, seier Nedrebø.

Olav Halsne, som også har vore i bresjen for Øyfast, synes det er for tidlig å gi opp tanken om ei fullskala utbygging.

-Det er alt for tidleg. Me har ikkje fått dei endelege tala på bordet ennå, me må venta til dei føreligg. Det kan godt vera at dei viser at ei full utbygging er urealistisk, men foreløpig er det for tidleg å ta stilling til det, meiner han.

Daniel Nedrebø Foto: Privat

Eline Wolden Bersagel frå Ombo er heller ikkje villig til å gi opp tanken på ei full utbygging av Øyfast.

-Då er eg redd for at det aldri blir noko av, seier Wolden Bersagel.

-Me må våga å tenkja langsiktig i denne saka. Alle eksempler viser at der det er blitt fast vegsamband har trenden med fråflytting snudd. Viss me hadde fått Øyfast ville Stavanger blitt utvida på ein fantastisk måte. Me kan ikkje gi opp. Sjå bare på Ryfast, som mange meinte var heilt urealistisk, og som i dag blir rekna som udelt positiv. Eg håpar og trur Øyfast blir bygd, det er heilt nødvendig for å få yngre generasjonar til å flytta til øyane, meiner Eline Wolden Bersagel.

Olav Halsne Foto: Privat

Redd det aldri blir noko

Eline Wolden Bersagel Foto: Privat